Landsdekkande tilsyn med brannsikkerheit i avfallsanlegg

I oktober sjekkar styresmaktene brannsikkerheita på norske avfallsanlegg og korleis dei avgrensar miljøskadane, viss ulykka først er ute.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 23.09.2020

Bakgrunnen for tilsynsaksjonen er ei betydeleg mengde brannar og branntilløp i avfallsanlegg dei siste åra. Sidan 2016 er det registrert over 200 brannar i norske avfallsanlegg. Det blir anteke at det i tillegg har vore ei rekke branntilløp, som ikkje vert vist i statistikkane. Nokre av brannane har vore svært alvorleg og er følgt opp med reaksjonar frå styresmaktene.

Den landsdekkande tilsynsaksjonen vil bli gjennomført i oktober 2020.  Fylkesmannen og lokalt brann- og redningsvesen vil gjennomføre tilsyna på anlegga. Resultata frå tilsynet skal etter planen vere klare i mars 2021 og vil bli følgt opp av tilsynsstyresmaktene.

Styresmaktene samarbeider om å redusere brannar

Miljødirektoratet og DSB (Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap) har derfor gått saman om å komme desse brannane til livs, og tilsynsaksjonen i haust er eit ledd i dette arbeidet. Det vil bli tilsyn i alle fylke. Fylkesmannen og lokalt brann- og redningsvesen vil gjennomføre tilsyna på anlegga.

Målet med tilsynet er å redusere brannar og miljøpåverknaden av brannar i avfallsanlegg. Vi kontrollerer derfor at verksemdene jobbar forsvarleg med førebyggande arbeid for å hindre brann, og med å redusera miljøpåverknaden dersom ein brann først oppstår.

- Skal avfallsanlegga klare å hindre brann, er det nødvendig å vite kvifor brann oppstår. Det er avgjerande med gode risikoanalysar, og kontroll av det førebyggande arbeidet blir sentralt i tilsynsaksjonen, seier direktør Elisabeth S. Aarsæther i DSB.

Utslepp frå ein brann kan skada miljøet

Å sløkka brannar i avfallsanlegg kan vere svært krevjande og i nokre tilfelle ta mange dagar. Brannane kan gi utslepp av giftig røyk, og utslepp av brannskum og sløkkevatn kan forureina miljøet nær anlegget.

- Vi vil kontrollere at avfallsanlegga har vurdert miljørisikoen av ein brann i omgivnadene sine og har mildnande tiltak på plass for å avgrensa eventuelle skadar, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.

Risikoen for og konsekvensane av brann varierer mellom anlegga

Avfallsanlegga er svært ulike med omsyn til kva slags typar og mengder avfall dei tar imot, korleis avfallet blir lagra og blir behandla.

Risikoen for brann vil med andre ord variere frå anlegg til anlegg. Plassering, til dømes nærleik til busetjing, bustader og industri, til sårbar natur, vatn og jordbruksområde er òg avgjerande for kor stor skade ein brann kan gjera.

Fylkesmannen og brann- og redningsvesenet vel sjølv ut kva anlegg dei skal kontrollere i denne aksjonen, basert på lokal kunnskap og risikovurdering.

Den landsdekkande tilsynsaksjonen vil bli gjennomført i oktober 2020. Resultata frå tilsynet skal etter planen vere klare i mars 2021 og vil bli følgt opp av tilsynsstyresmaktene. Der vil eventuelle behov for regelendringar eller andre tiltak bli beskrivne.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.