Det går mot lysare tider for storauren i Tokkeåi

Storaure frå Tokkeåi.
Storaure frå Tokkeåi. Foto: Arnt Mollan Foto: Arnt Mollan.

I den ferske revisjonssaka i Tokke-Vinjereguleringa får storauren i Bandak og Tokkeåi fullt medhald av NVE, og dei anbefaler mellom anna bygging av fisketrapp.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 12.02.2021

Trua aure
Storaure er ein sjeldan form for aure, som blir svært stor og svært gamal. Den lever i Bandak i Tokke kommune, og nyttar Tokkeåi som gyteelv. Men vassføringa i Tokkeåi er sterkt regulert, og det er ikkje alltid nok vatn for at storauren skal trivast. Bestanden er idag så låg, at den er avhengig av omfattande styrkingstiltak.


NVE sin tilråding
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har i sin revisjon av konsesjonen for den store Tokke-Vinjeregulering, lagt stor vekt på omsynet til storauren. Dei har no sendt over si tilråding til nye bestemmelsar til Olje- og energidepartementet, og her kan ein lese mellom anna: 


"Av omsyn til storauren i Tokkeåi tilrår NVE bygging av fiskepassasje i Helvetesfossen og slepp av minstevassføring heile året frå Vinjevatn til Tokkeåi. NVE tilrår også minstevassføring frå Byrtevatn til Mosåi/Rukkeåi i sumarperioden. (...) I dei nedre delane av Tokkeåi, tilrår NVE montering av ein omløpsventil i Lio kraftverk og at Statkraft sin frivillige praksis for sakte nedkjøyring av kraftverket blir tatt inn i manøvreringsreglementet. Vidare føreslår NVE reglar for vassføringar i Tokkeåi målt ved Elvarheim. Tiltaka vil redusere risikoen for tørrlegging av gyte- og oppvekstområde og stranding av fisk i elva nedstraums Helvetesfossen."

Dette er tiltak som også Statsforvaltaren (då Fylkesmannen i Telemark) har spelt inn i revisjonsprosessen, og som vil bidra til å styrke bestanden av storaure i Bandak og Tokkeåi. 

Skal ivareta trua arter
Statsforvaltaren har ein viktig rolle i forvaltinga av trua arter, medrekna storaure. Vi har og ei rolle i oppfølging av nokre av konsesjonsvilkåra, som omhandlar natur og tilhøve for fisk. Det betyr at vi kan pålegge regulanten avbøtande tiltak som er til beste for mellom anna storauren, slik vi også tidlegare har gjort. Vi er svært nøgde med at NVE no stiller krav til omfattande tiltak for å sikre storauren for framtida.


Les meir i revisjonsdokumentet.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.