Løyve etter forureiningslova

Forureining er forboden, med mindre det er lovleggjord, enten i lova sine eigne bestemmingar, i forskrift eller i særskilt løyve. Dette følger av forureiningslova § 7 første ledd. 

Forureiningslova § 8 gjer unntak frå forbodet for vanleg forureining frå blant anna jordbruk, skogbruk, bygningar og mellombels anleggsverksemd. Det same gjeld forureining som ikkje medfører nemneverdige skadar eller ulempe. Det kan også vere gitt forskrifter i medhald av § 9 i lova som gjer forureinande verksemd lovleg på visse vilkår.

Statsforvaltaren er styresmakt for løyve etter forureiningslova for verksemder innafor ei rekkje område. Det omfattar blant anna utvalde type landbasert industri, avfallsanlegg, akvakultur, anleggsverksemder og avløpsanlegg.

Søknad om løyve

Krav til innhald i ein søknad om løyve går fram av forureiningsforskrifta § 36-2. Vi kan krevje ytterlegare opplysningar dersom det er naudsynt for behandlinga av saka. For nokre bransjar er det laga eigne skjema.

Søknaden sender du til:
Statsforvaltaren pr. e-post sfvtpost@statsforvalteren.no eller
pr. brev til Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark, Postboks 2076, 3103 Tønsberg.

Vi har ikkje møter med verksemder før vi har fått ein søknad. Dersom det er behov for avklaringar under saksbehandlinga, som ikkje kan gjerast på e-post, kan vi ha møter med ein konkret agenda.

Saksbehandling

Søknadar om løyve etter forureiningslova vert handsama i tråd med forureiningsforskrifta kapittel 36.

Når vi avgjer om ei verksemd skal få løyve og set vilkår, vurderer vi ulempene med forureininga saman med fordelane og ulempene som tiltaket elles fører med seg. I løyvet kan vi sette vilkår slik at forureininga fører til mindre skade eller ulempe, til dømes ved krav til reinsetiltak, gjenvinning eller at løyve berre skal gjelde for ei viss tid.  Vi kan også bestemme at ei verksemd ikkje får løyve.

Behandlinga av ein søknad går som oftast gjennom følgande steg:

  • Vi sjekkar at søknaden inneheld tilstrekkeleg informasjon og etterspør det som ev. manglar.
  • Vi sender førehandsvarsel til naboar, offentlege organ og organisasjonar og legg søknaden ut til offentleg høyring.
  • Vi sender innkomne merknader til søkaren for eventuelle kommentarar.
  • Vi utarbeider vi eit utkast til vedtak og vilkår
  • Vi gjer vedtak.

Endring av løyve

Ved endringar i driftsforhold, som kan ha betydning for forureininga, må verksemda søke om endring av løyvet i god tid før endringa skal skje. Verksemda bør først kontakte forureiningsstyresmakta, for å avklare om det er behov for endring.

Forureiningslova § 18 har nærare vilkår for endring og omgjering av løyver. Statsforvaltaren kan i alle tilfelle endre eller kalle tilbake eit løyve når det har gått 10 år etter at det er gitt.

Gebyr

Statsforvaltaren tek gebyr for handsaming av saker etter forureiningslova, i tråd med forureiningsforskrifta kap. 39. Det er vår ressursbruk i den enkelte sak som ligg til grunn for val av gebyrsats.

Du kan lese meir om gebyr og satsane vi bruker i forureiningsforskrifta kap. 39.

Verksemder med løyve

Løyve etter forureiningslova vert vist på nettstaden Norskeutslipp.no, for dei fleste fagfelt. Her kan du sortere etter fylke, sektor og type verksemd. I oversikta går det også fram dersom Statsforvaltaren har ført tilsyn med at verksemda etterlever vilkåra som er satt og krav i forureiningslovverket elles.

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontakt oss

Fagsjef Forurensning:
Siv Hege Wang Grøvo
Telefon 33 37 23 18

E-post
sfvtpost@statsforvalteren.no

All kontakt på e-post blir behandla etter same prosedyre, og blir lagt inn i postjournalen. Ved spørsmål angåande ei spesifikk sak, ber vi om at du oppgir saksnummer.

Gjeld saka personsensitive opplysningar, kan du òg sende sikker melding 

Kontakt oss

Direktør miljøavdelingen:
Grethe Helgås
Telefon 33 37 23 09

E-post
sfvtpost@statsforvalteren.no

All kontakt på e-post blir behandla etter same prosedyre, og blir lagt inn i postjournalen. Ved spørsmål angåande ei spesifikk sak, ber vi om at du oppgir saksnummer.

Gjeld saka personsensitive opplysningar, kan du òg sende sikker melding