Unngå fare når du er på tur i skogen - rotvelter og vindfall

Rotvelter kan vere livsfarlege, då det er fare for å kome i klem. Foto: Per Kristoffersen, SFVT.

Nord i Telemark er det mykje vindfelt skog etter stormen 19. november i fjor. Rotvelter kan vere livsfarlege lenge etter at treet har ramla over ende.

Publisert 06.04.2022

Når telen tiner, rører bakken seg, og då kan rotvelter bikke tilbake ned på jorda. Om stammen er skoren over, kan rotvelta òg bikke motset veg, over stubben. Når vårvarmen kjem og sola steiker, kan det verte ekstra mykje rørsle i bakken og ekstra stor fare for at rotveltene bikkar. Turgåarar må difor unngå å røra seg nært innpå rotvelter.

I tillegg til stormen i november, var det fleire episodar med kraftige vindkast i januar, og over heile fylket ligg det spreidde vindfelte tre. Det kan vere store spenningar både i rotveltene og liggande trestammar. Oppryddinga etter stormane kjem til å ta lang tid, og det er farleg arbeid som må utøvast av kvalifisert personell. For alle andre er det beste rådet å halde seg unna.

Nyt våren og naturen ute, på trygg avstand frå skadane etter vinterens stormar.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.