Nytt fylke, ny skogstatistikk

Årsmeldinga for skogbruket i 2019 er skrive samla for Vestfold og Telemark, sjølv om vi formelt vart eit nytt fylke fyrst frå og med 1. januar 2020.

Publisert 02.07.2020

Ei felles årsmelding gir god oversikt over aktivitet og skogressursar i det nye fylket, og det er god bakgrunnskunnskap å ha når vi skal verke saman som ei eining. Samstundes tar årsmeldinga opp aktuelle tema som skogskader, næringsutvikling og pågåande prosjekt.

Etter kommune- og fylkesreforma, har Vestfold og Telemark fått litt endra geografi. Svelvik kommune er frå 1. januar 2020 ein del av nye Drammen kommune og overført til Viken fylke. Svelvik kommune med tilhøyrande areal er med i statistikken i årsmeldinga, då arealet var ein del av fylket til og med 2019. Frå 1. januar 2020 er talet på kommunar i fylket 23, redusert frå 27 i 2019. I årsmeldinga for 2019 er statistikken for dei 27, no gamle, kommanuane framstilt.

Vestfold og Telemark fylke har eit produktivt skogareal på drygt 6,5 millionar dekar og ein årleg tilvekst på ca. 2,75 millionar m3. Som elles i landet, var det rekordhøg avverking i 2019. 1 223 474 m3 tømmer vart avverka for sal i vårt fylke. 66 % av dette var gran. For å studere kortsiktige trendar i skogbruket i fylket, er det interessant å sjå på statistikken for dei siste 15 åra. Statistikken syner at omfanget av planting har auka i takt med avverkinga og at talet på planter per avverka m3 er løfta dei siste fem åra. Aktiviteten innan ungskogpleie har ikkje auka i takt med avverkinga og er for lav. Det er eit satsingsområde i fylket å lyfte ungskogpleieaktiviteten i samarbeid mellom næringa og forvaltninga.

Årsmeldinga for 2019 ligg på nettsidene. Bruk denne årsmeldinga til å bli kjent med skogbruket i Vestfold og Telemark. God lesing.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.