Betre enn frykta på jordbruksareala

Fotograf: Anne Aasmundsen
Fotograf: Anne Aasmundsen

Satsinga «Areal ute av drift» syner at meir areal er i drift enn først avdekt. Telemark og Vestfold har om lag 4 % jordbruksareal. Det er lite samanlikna med det totale landarealet i fylket, det er i tillegg store skilnadar innad i fylket med variasjonar frå fjell til kyst. Jordbruksarealet er såleis ein svært avgrensa ressurs og ikkje fornybar.

Publisert 09.08.2021

I prosjektet «Areal ute av drift» går Statsforvaltaren og kommunane i fylket nærare inn på kva for areal som ikkje er i drift og kor dei ligg. Førebelse tall frå Tinn syner at meir areal er i drift enn fyrst anteke. Det skuldast fleire høve. Mellom anna kan eit areal haldast i drift sjølv om det ikkje kjem inn i landbruksstatistikken, anten fordi ein ikkje søkjer eller har rett på tilskott.

Det arbeidast nå med å få oversikt i fylket og kunnskap om areal som er heilt ute av drift. På den måten kan ein gjere målretta innsats og oppfølging av desse areala.

Satsinga er kopla saman med arealstatistikk frå Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) og fotodokumentasjon av landskap i endring gjennom landskapsfotograf, Oskar Puschmann.

Heile saka kan dykk høyre på NRK radio kl.07:40 her. (spol frem til tidspunkt 57:05 helt nedst på sia)

Prosjektsida kan dykk sjå her.

Kontaktpersonar