To endringar i sats- og berekningsforskrifta, produksjonssvikt
Endringane gjeld forskot på utbetaling og følgjeskade etter frost i frukt.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 05.10.2023
03.10.2023 meldte Landbruksdirektoratet at det var vedteke to endringar i sats og berekningsforskrifta;
- Etter søknad kan det betalast ut forskot svarande til inntil 70 % av utrekna tilskot. Denne endringa gjeld berre for skadeåret 2023.
- Det kan betalast ut tilskot ved produksjonssvikt årsaka av følgjeskader etter frost i inntil fem år. Det er ein føresetnad at arealet vert replanta seinast tre år etter at skaden oppstod.