Forskot ved produksjonssvikt
Søkjarar som har tapt mykje, og som har likviditetsvanskar, kan få betalt ut inntil sytti prosent i forskot. Me oppmodar kommunane til å prioritere å handsama søknadar om forskot.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
125 av søknadane hadde søkjaren kryssa av for at hen har hatt store tap og/eller har likviditetsvanskar.
Tabellen under viser fordelinga på kommunar og vekstgrupper:

Forskot er aktuelt der 2023-avlinga ikkje er gjort opp. Der heile avlinga er selt og gjort opp, slutthandsamar me søknaden.
Det gjeld i alle høve vekstgruppe ‘bær’. For at me skal kunne handsame søknaden treng me oversyn over avling, totalt areal og areal i bæring for alle åra 2017-2023. Avlingane skal vere stadfesta av rekneskapskontoret. Areala må søkjaren sjølv stadfeste.
Også søknadane i ‘grovfôr med husdyr’ kan slutthandsamast. For å gjere det, treng me mellom anna greie på avling i kvart av åra 2020-2023. For åra 2020-2022 er det søkjaren sjølv som stadfester tala. Eigna skjema finst på heimesida vår. 2023-tala skal vere stadfesta av kommunen.
Me vil vita kor mykje forskot søkjaren ynsker
Dersom søkjaren ikkje har oppgjeve kor mykje hen ynsker i forskot, eller hen har bedt om ein lågare prosent enn sytti, bør hen spørjast om hen ynskjer sytti prosent. Hen bør oppmodast om å logge seg inn i søknaden via Altinn og leggje ved eit dokument der hen ber om det forskotet hen ynskjer.
Oversyn over søknadar der det er søkt om forskot
Oversyn over søkandar levert i Agros, kan lastast ned som ei Excel-fil; frå fana ‘Avansert søk’: Fyll inn ordning ‘Produksjonssvikt’ og vekstgruppe ‘Korn og annet frø til modning’. Trykk ‘Søk’, etter det ‘Eksporter til Excel’. Då kjem det opp eit pop-up-vindauge, der du hukar av for ‘Opplysninger frå søker’ og trykker på ‘Eksporter til Excel’. Etter litt tid vert Excel-arket lasta ned. Hent det fram og klikk i boksen ‘Aktiver redigering’. Plasser markøren i ei vilkårleg celle og trykk Ctrl + - OK i pop-up-vindauget som då kjem opp.
Flytt markøren til kolonne ‘AN’. Klikk på pila til høgre i celle AN1, og fjern avhukinga på ‘nei’. Og vips har du ei liste over dei som har søkt forskot i vekstgruppe ‘Korn og annet frø til modning’. For vekstgruppe ‘Grovfôr husdyr’ gjer du det på sama måte.
For å finne ut om det er kryssa av for forskot i ein ELF-søknad, er det inga anna råd enn å opne søknaden og sjå etter.