Spørjeskjema eigedomslovgivinga - førebels informasjon

Vi er pålagt å gjennomføra ein temabasert kartlegging av kommunane sitt kompetansenivå og kompetanseønske innan eigedomslovgivinga.

Publisert 06.07.2022

Kartlegginga skal gjennomførast anna kvart år, og vi gjer dette for første gong no i haust. Gjennom spørsmåla i undersøkinga tar vi sikte på å avdekka kor kommunane har størst utfordringar og kompetansebehov etter jordlova, konsesjonslova og utvalde emna innan plan- og bygningslova, forvaltningslova og offentleglova.

Ut frå svara vi får inn, vil vi danna oss eit bilete av kommunane sine kompetansebehov og kompetanseønske. Denne kunnskapen vil vi nytta til å tilby opplæring og kompetanseoverføring på framtidige lov- og eigedomssamlingar.

Skjemaet vil bli sendt ut til kommunane i siste halvdel av august månad 2022. Vi kjem tilbake til tidspunktet for innlevering når skjemaet blir sendt ut.