Foreløpige økonomital frå 2019 for kommunane

Dei foreløpige KOSTRA-tal frå 2019 gir oversikt over den økonomiske situasjonen per 31.12.2019 i kommunane.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 27.03.2020

KOSTRA (Kommune-stat-rapportering) er eit nasjonalt informasjonssystem som opplyser om kommunal og fylkeskommunal verksemd og økonomi. Siktemålet er mellom anna å kaste lys over den økonomiske situasjonen og samanlikna kommunane. Tala gir eit grunnlag for analyse, planlegging og styring.

Foreløpige tal for 2019 er no tilgjengelege, og Fylkesmannen i Vestfold og Telemark har laga ei oversikt over nøkkeltal for kommunane i Vestfold og Telemark.

Sjå dokumentet i margen til høgre. Dokumentet er utarbeidd på bakgrunn av foreløpige KOSTRA-tal per 16. mars. Det vil bli utarbeida eit oppdatert dokument når dei endelege KOSTRA-tala for 2019 er klare i juni.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.