Statsforvaltaren fekk nytt og kjønnsnøytralt namn 1. januar 2021. Det gamle namnet vårt var Fylkesmannen.

Søknad om mudring og mellombels utfylling ved Klosterøya - Jernbanebrygga i Skien

Høyringsfrist:
15. desember 2020

Det er søkt om løyve etter forureiningsregelverket i samband med etablering av gang- og sykkelbru mellom Klosterøya og Jernbanebrygga.

Publisert 16.11.2020

Multiconsult AS søkte på vegne av Skien Kommune den 30.10.2020 om løyve til mudring og mellombels utfylling i samband med etablering av ny gang- og sykkelbru mellom Klosterøya (gbnr. 300/5342) og Jernbanebrygga (gbnr. 300/4885) i Skien kommune. Føremålet med brua er å betre samanhengen mellom to dei aktuelle områda i Skien sentrum. I området mellom Klosterøya og Katteskjær skal brua fundamenterast direkte på fjell, mellom Jernbanebrygga og Katteskjær skal brua fundamenterast med stålkjernepelar. Det er søkt om å fylle ut inntil 10 000 m3 over et område på 3 000 m2, mellom Klosterøya og Katteskjær, som skal fjernast når brua er ferdigbygd. Det er også søkt om å mudre 3600 m2 sjøbotn med eit masseuttak på 550 m3.

 

Formålet med utfyllinga er betre konstruksjon for anleggsmaskiner under arbeidet med etablering av brua. Føremålet med mudringa er tredelt: fjerning av mellombels utfylling, pigging/sprenging/utgraving for fundamentering, samt legging av kablar langs brutraseen.

 

Massar som blir grave opp i samband med fundamentering av brua skal leverast til godkjend mottak. Dette gjeld også mellombels utfylling, boreslam og borekaks. Det er søkt om å fylle tilbake muddermassane som blir tatt opp i samband med kabelgrøft.

 

Sjøbotnen i området har vorte analysert for miljøgifter i 2012, og resultata viser konsentrasjonar tilsvarande tilstandsklasse V (svært dårleg) i samsvar  med klassifiseringssystem for sedimenter (veileder 02:2018).

 

I Miljødirektoratet sin Naturbase (kart.naturbase.no) er det ikkje registrert marine naturtypar i tiltaksområdet. På Katteskjær er den rødlista arten makrellterne registrert (arstdatabanken.no), og arten nyttar dette området som hekkeplass. Skienselva er eit anadromt vassdrag, med førekomst av blant anna laks, sjøaure og sjørøye. 

 

Eventuelle merknader kan sendast innan 15.12.2020 til:
Fylkesmannen i Vestfold og Telemark , Postboks 2076, 3103 Tønsberg
eller på e-post til fmvtpost@fylkesmannen.no