Orientering om nasjonale prøvar hausten 2022

Nasjonale prøvar er obligatoriske. Føremålet med prøvane er å gi skulane kunnskap om elevane sine grunnleggande dugleik i lesing, rekning og engelsk. Informasjon frå prøvane skal danne grunnlag for undervegsvurdering og kvalitetsutvikling på alle nivå i skulesystemet.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 15.08.2022

Nasjonale prøvar og nye læreplanar

Alle nasjonale prøvar er justert slik at dei føl nye læreplanar. I tillegg vil nasjonale prøvar i engelsk frå hausten 2022 og inkludere ein ny lyttedel. Dette krev at elevane har hovudtelefonar under gjennomføringa.

Måling av utvikling over tid

Nye læreplanar og gjennomføring i nytt system får konsekvensar for måling av utvikling over tid (trend). Utdanningsdirektoratet startar ei ny trendmåling frå og med hausten 2022, det vil seie at det blir eit brot i trendmålingane. Dette betyr at resultat frå før 2022 ikkje nødvendigvis kan samanliknast direkte med resultat frå 2022.

Viktige datoar

Dato Aktivitet Trinn
1. august Påmelding startar 5., 8. og 9. trinn
5. til 30. september Gjennomføring av nasjonale prøvar 5., 8. og 9. trinn
30. september Frist for registrering av friteke / ikkje delteke på alle prøvar 5., 8. og 9. trinn
30. september kl. 23:59 First for å skåre opne prøvar (gjeld 8. og 9. trinn) 8. og 9. trinn

Vurdering og skåring av opne oppgåver

Fristen for å vurdere opne oppgåver, for 8. og 9. trinn, er siste dag i gjennomføringsperioda 30. september kl. 23:59. Det er rektor sitt ansvar at alle opne oppgåver blir skåra innan fristen.

Dersom opne oppgåvene ikkje blir skåra innan gitt frist, blir oppgåvene sett til 0 poeng og automatisk bekrefta.

Prøvetid

Engelsk: 60 minuttar

Lesing og rekning: 90 minuttar

Brukarstøtte

Dersom det skulle oppstå uforutsette hendingar i gjennomføringsperioda, som at det til dømes oppstår tekniske problem eller at elevar ikkje får levert prøven, kontaktar rektor skuleeigar.

Ved behov kontaktar skuleeigar Statsforvaltaren på e-post: fmvteksamen@statsforvalteren.no

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.