Tre nye forvaltingsplanar for verneområde

Fylkesmannen har laga framlegg til forvaltingsplanar for Hensøran naturreservat, Nauste naturreservat og Vågstranda plantefredingsområde. Planane ligg på høyring fram til 16. november 2012.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 01.10.2012

Grunneigarar får planen i papirform. Andre høyringsinstansar finn høyringsutkastet her på Fylkesmannen i Møre og Romsdal sine heimesider (www.fmmr.no).

Forvaltingsplanane har målsettingar for verneverdiane og brukarinteressene i området. Vidare viser planane korleis verneforskriftene skal tolkast og praktiserast. Til slutt foreslår ein tiltak som restaurering, skjøtsel, overvaking og informasjon. Vi ønskjer tilbakemelding på blant anna brukarinteresser, eigedomsforhold og planlagte skjøtselstiltak.

«Ein forvaltingsplan medfører ikkje noko skjerping i restriksjonsnivået eller nytt vern» understrekar seksjonssjef Ulf Lucasen.

Merknader kan sendast per e-post til postmottak@fmmr.no eller per brev til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Fylkeshuset, 6404 MOLDE, innan 16. november 2012.