Ved alvorlege brot på regelverket for dyrevelferd kan tilskot til husdyrhald bli avslått

Sau i utmark. Foto Tordis Fremgården

Mattilsynet sender kopi av vedtak om alvorlege brot på dyrevelferdsregelverket til kommunen og Statsforvaltaren. Landbruksmyndigheitene skal vurdere om brotet på reglane for dyrevelferd skal få konsekvensar for retten til ulike tilskot i jordbruket.

Publisert 26.09.2023

Det er avtalt særskilde rutinar for informasjonsutvekslinga mellom Mattilsynet og landbruksforvaltninga, sjå Gjensidig informasjon om brot på regelverket for dyrevelferd.

Landbruksforvaltninga skal ikkje ta stilling til om dyrevelferdsregelverket er brote då det er Mattilsynet som har denne myndigheita. Landbruksforvaltninga skal vurdere om brota er så alvorlege at føretaket ikkje skal få tilskot til husdyrhaldet. Forskrift om produksjonstilskot har reglar som gir heimel for å avslå tilskot ved brot på dyrevelferdsregelverket. Les meir om dette i Rundskriv 2023-5.

Nokre føretak med husdyr har fleire dyreslag. Det kan vere tilfelle der Mattilsynet t.d. har fatta vedtak om alvorlege brot på dyrevelferda i eit storfehald hos ein husdyrhaldar som òg har sauer. Viss Mattilsynet sin sak berre gjeld storfehaldet, og det ikkje er fatta vedtak om alvorlege brot i sauehaldet, vil bonden ha rett på tilskot til sauene.

Brot på regelverket for dyrevelferd kan også føre til at tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel mv. blir avslått.