3,6 milliarder kroner utbetalt i produksjonstilskot i Innlandet for 2025

Sauer Foto Jorunn Stubsjøen

Tall frå Landbruksdirektoratet viser at det vart utbetalt 3,6 milliarder kroner i produksjonstilskot og avløysartilskot til bønder i Innlandet etter søknadsåret 2025.

Publisert 17.03.2026

Produksjonstilskot og avløysartilskot blir gitt til arealer, husdyr, dyr på beite og dokumenterte utgifter til avløysing for ferie og fritid. I alt har 6 547 føretak i fylket fått utbetalt produksjonstilskot og avløysartilskot for 2025. Om lag 20 søknader er ikkje ferdig behandla enno. Det var 63 færre føretak som søkte tilskot enn i 2024. 

Tilskota er viktige for økonomien i jordbruket og for å oppretthalde matproduksjonen, sysselsetjinga, verdiskapinga og kulturlandskapet i heile fylket.

Du finn ei fullstendig oversikt over kor mykje som vart utbetalt i tilskot for heile landet, fordelt på  fylke, kommune og einskilde føretak, her: Tilskudd til jordbruksforetak - Landbruksdirektoratet