3,5 milliarder kroner utbetalt i produksjonstilskot i Innlandet for 2024
Ferske tall frå Landbruksdirektoratet viser at det blei utbetalt 3,5 milliarder kroner i produksjonstilskot og avløysartilskot til bønder i Innlandet etter søknadsåret 2024.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Produksjonstilskot og avløysartilskot gis til arealer, husdyr, dyr på beite og dokumenterte utgifter til avløysing for ferie og fritid. I alt har 6 608 føretak i fylket fått utbetalt produksjonstilskot og avløysartilskot for 2024. Om lag 90 søknader er ikkje ferdig behandla enno. Tal føretak som søkte tilskot var om lag 100 færre enn i 2023.
Tilskota er viktige for økonomien i jordbruket og for å oppretthalde matproduksjonen, sysselsetjinga, verdiskapinga og kulturlandskapet i heile fylket.
Innlandet er det største jordbruksfylket i Norge målt etter den verdiskapinga som næringa bidreg med. Jordbruket gir også grunnlag for over 15 000 arbeidsplassar i fylket. Les meir her: Jordbruk i Innlandet | Statsforvalteren i Innlandet
Du finn ei fullstendig oversikt over kor mykje som blei utbetalt i tilskot for heile landet, fordelt på fylke, kommune og einskilde føretak, her: Tilskudd til jordbruksforetak - Landbruksdirektoratet
Kontaktpersoner
-
Tordis Fremgården
Tlf: 62 55 12 09 -
Karen Saksum
Tlf: 61 26 61 46 -
John-Ludvik Dalseg
Tlf: 61 26 61 48