God oppslutning om samlinga Jordbruket i Innlandet mot 2030

Tre personar, to menn og ei kvinne, som har bidratt i programmet
Frå venstre Arne Bardalen, NIBIO, Øyvind Gotehus, Statsforvaltaren og Kristin Smågård, Lom kommune Foto: Anne Berit Grasbakken.

Vel 100 deltakarar møtte til samling på Elverum den 24.-25. oktober for å høyre om jordbruket i Innlandet mot 2030. Dei fleste deltakarane møtte mange nye kollegaer frå andre kommunar da vi har vorte til Innlandet sidan førre samling.

Publisert 03.11.2023

Nå var det på tide å møtast da det har gått nokre år sidan sist vi samla landbruksforvaltninga i kommunane. Mye har skjedd dei siste åra, blant anna har vi vorte eit nytt og større fylke, og i tillegg har det vore ein pandemi som har hindra fysiske møte. Det var mange som gav uttrykk for kor fint det var å treffast og bli kjende med kollegaer i andre kommunar. Det var nettopp eit av måla for samlinga.

Det faglege fokuset på samlinga var å ta eit «framtidsblikk» på jordbruket vårt. Hovudbolkane handla om samfunnsutvikling, marknad, teknologi, berekraft og klima i tillegg til ein bolk om landbrukslover og jus. Mange dyktige innleiarar sørgde for at vi fekk lyfta blikket opp og fram, og gav oss inspirasjon og påfyll. Vi meiner det er viktig å heve blikket innimellom, samtidig som ein kan plassere seg sjølv og sine oppgåver som ein del av den store heilheita som jordbruket i fylket vårt utgjer.

Vi takkar for godt oppmøte og gode bidrag til samlinga frå både innleiarar og deltakarar. Det er Statsforvaltaren i Innlandet saman med Innlandet fylkeskommune som står bak samlinga.

Alle som deltok vl få ein e-post med dei presentasjonane som vi får lov til å dele.