Introdag for nye tilsette i kommunal landbruksforvaltning
- Dato:
- 27. mai 2026 09:30 - 14:30
- Sted:
- Statsforvaltaren i Innlandet, Gudbrandsdalsvegen 186, Lillehammer
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Innlandet
- Målgruppe:
- Nye saksbehandlarar, rådgjevarar og leiarar i kommunal landbruksforvaltning (jordbruk, skogbruk og utmark), tilsette i 2025 eller 2026.
- Påmeldingsfrist:
- 13. mai 2026 23:00
Er du ny som tilsett på eit landbrukskontor? I tilfelle ja, ønsker vi hos Statsforvaltaren å bli kjend med deg! For oss er det viktig å bli kjend med alle som jobbar med landbruk og utmark i kommunane, slik at vi har eit bra utgangspunkt for godt samarbeid.
Kommunane og Statsforvaltaren har ulike roller i forvaltning av tilskotsordningar og lovverk som gjeld landbruk og utmark. For at forvaltninga skal fungere godt, er vi avhengige av at vi samarbeider bra. For at vi skal få til samarbeidet, startar vi med å bli kjende med kvarandre. Vi inviterer difor til ein introduksjonsdag på Lillehammer onsdag 27. mai, med fysisk oppmøte. Målgruppe er alle som er nye saksbehandlarar, rådgjevarar og leiarar i kommunal landbruksforvaltning (jordbruk, skogbruk og utmark) i 2025 eller 2026.
Program
- Presentasjon av Statsforvaltaren sine oppgåver, roller og organisering
- Kort innføring i aktuelt lovverk for landbruksforvaltninga
- Moglegheit for å treffe saksbehandlarar for ulike tilskotsordningar og lovverk
Programmet er under utarbeiding, og blir send til alle som melder seg på.
Påmelding og praktisk info
Påmeldingsfristen er 13. mai. Sjå påmeldingsskjema under.
Vi serverer kaffi og lunsj.
Det er gratis å delta. Vi dekker ikkje reise.
- Dato:
- 27. mai 2026 09:30 - 14:30
- Sted:
- Statsforvaltaren i Innlandet, Gudbrandsdalsvegen 186, Lillehammer
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Innlandet
- Målgruppe:
- Nye saksbehandlarar, rådgjevarar og leiarar i kommunal landbruksforvaltning (jordbruk, skogbruk og utmark), tilsette i 2025 eller 2026.
- Påmeldingsfrist:
- 13. mai 2026 23:00