Nettseminar: Næringsutvikling i landbruket

Dato:
12. november 2025 09:30 - 11:00
Sted:
Digitalt via Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren, fylkeskommunen og Innovasjon Norge
Målgruppe:
Landbrukskontor og kommunar i Innlandet
Påmeldingsfrist:
11. november 2025 12:00

Gjennom fire nettseminar i 2025 ønsker vi å skape ein møteplass for fagleg påfyll, inspirasjon og styrking av nettverk. Det fjerde og siste seminaret kjem 12. november.

Publisert 20.10.2025

På programmet denne gongen har vi to tema; skogbruk og svineproduksjon. Sjå programmet i høgre marg.  

Det skjer mye spennande innan næringsutvikling i landbruket. Kommunane i Innlandet er involvert i ulike prosjekt og tiltak, og det same gjeld for fylkeskommunen, Innovasjon Norge og Statsforvaltaren. Målet med nettseminara er nettopp at vi møter kvarandre for å dele kva som skjer, for påfyll og inspirasjon til å utvikle landbruket vårt. 

Vi sender program og lenke til Teams pr. e-post til alle påmeldte dagen før seminaret.

Tidlegare i år har vi gjennomført tre nettseminar om næringsutvikling i landbruket den 20. februar, 24. april og 28. august. Vi har vore innom mange tema, blant anna IBU-midlar, frå bås til lausdrift, kurstilbod, tiltaksplan skogbruk, samarbeid og rådgjeving for utvikling i landbruket, Matfylket Innlandet, setring, ny reiselivsstrategi og energi.

Dato:
12. november 2025 09:30 - 11:00
Sted:
Digitalt via Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren, fylkeskommunen og Innovasjon Norge
Målgruppe:
Landbrukskontor og kommunar i Innlandet
Påmeldingsfrist:
11. november 2025 12:00

Dokumenter