Stort engasjement for barnevernsreform og bærekraft

På Otta var klimatiltak og barnevernsreformen temaer som opptok alle, uansett rolle i kommune eller stat. Her er Live Langøygard, Edel Kveen, Mariann Skotte, Knut Storberget, Eldri Siem og Guri Ruste.
På Otta var klimatiltak og barnevernsreformen temaer som opptok alle, uansett rolle i kommune eller stat. Her er Live Langøygard, Edel Kveen, Mariann Skotte, Knut Storberget, Eldri Siem og Guri Ruste. Foto: Karianne Stordal.

Det skal vera betre å vera liten. Dette målet var det full oppslutning om både på Otta og Tynset, da statsforvaltaren møtte alle kommunane på regionbesøk tidlegare denne hausten.  

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 27.12.2021

Heilt fram til vi vart stoppa av smitteverntiltaka, har Statsforvaltaren i Innlandet vore ute i alle regionane i Innlandet og møtt mange som arbeider i dei kommunale tenestene, samt dei politiske og administrative leiarane. Besøka på Otta og Tynset var den 19.11 og 1.12, og Valdres er utsett.

Ser på oppgåvene saman

På møtene her har vi retta blikket framover saman og sett på korleis oppgåver skal løysast. Barnevernsreform og bærekraft er viktige tema. I desse møta legg fagfolka både frå stat og kommune fram korleis dei arbeider og kva planer dei har, og også kvar det er krevjande utsikter.

Statsforvaltar Knut Storberget sa både på Otta og Tynset at han har sett ekstremt mykje kraft frå kommunane gjennom pandemien, og takka dei for innsatsen med å slå attende utbrot. Kommunane har vore meir robuste og fleksible enn eg trudde, sa statsforvaltaren, som har ansvar for samordning i kriser. Statsforvaltaren i Innlandet har no gjennom to år med pandemi hatt rundt 90 møter med kommunane og nasjonale styresmakter saman. - Samspelet i Norge er så nært når det gjeld, du kan stille helseministeren spørsmål i desse møta og ikkje bruke to dagar på ein delegasjon til Oslo, sa statsforvaltaren. Han framheva dette som ein suksessfaktor, og gav ros til regjeringa for å ha vore så åpen.

Han ba også kommunane om å melde seg på i diskusjonen om Statsforvaltaren sine oppgåver, som er oppe til vurdering hjå den nye regjeringa gjennom Hurdalsplattformen. At staten skal kome nærare folk og ha fleire tilsette ute i landet, er eit viktig poeng for regjeringa, som statsforvaltaren også arbeider konkret med.

Meir forebygging rundt barnet og familien

Frå nyttår kjem barnevernsreformen, og då får kommunane meir ansvar for å forebygge betre. Dette betyr blant anna meir støtte til foreldra for å få til gode relasjonar, og at ein skal bygge på styrker som fins i familien.

Fordi det no blir viktigare med tidleg innsats og tverrfagleg samarbeid mellom dei som er rundt barnet og familien, blir dette også kalla eioppvekstreform. Å bygge ned siloar er oppvekstreformen i praksis, sa Eli Blakstad, som er velferdsdirektør hjå Statsforvaltaren. Frå kommunane vart det orientert om at dei har laga team allereie som diskuterer tverrfagleg kva som kan vere gode løysinger for barnet og familien. Det skal vere betre å vere liten, sa ein av dei kommunale fagleiarane. Dei minna også om at politikarane må sjå på meir enn barnevernet når barns oppvekstvilkår skal opp i kommunestyret.

Fleire kommuner peikte på auka behov for pengar. Kommunane får frå nyttår ansvar for fosterheimsfinansiering, som er ei stor endring – før har dette vore betalt av staten.

På Tynset kom det fram at mange fleir har bede om hjelp no enn førre året.
På Tynset kom det fram at mange fleir har bede om hjelp no enn førre året. Foto: Karianne Stordal.

Bruk oss!

Bruk oss! Vi er der for dykk, sa kommunaldirektør Anne Kathrine Fossum hjå Statsforvaltaren. Vi ynskjer å vite korleis politikken virkar, og hugs at vi i mange tilfelle også kan påverke, sa ho. Og – det er ved å trekke fleire med oss i møta at vi også gjer oss sjøl betre.

Sparar millionar på å bruka opp att aldersheimen

Bærekraftstiltak i kommunane er også eit viktig tema på alle møta denne hausten. På Otta fekk vi høyre om korleis den nye Vågåheimen blir bygd – eller rettare sagt, bygd om for 150 millionar, heller enn å bygge nytt til 300 millionar. Å bruka opp att areal gjev stor miljøeffekt, og ved å bruke Digital byggeplass sparar dei over 60.000 kilometer med køyring og store summar i reisegodtgjersle.

Frå Statsforvaltaren opplyste fagdirektør Jørn Karlsen at det offentlege kjøper inn for 600 milliardar årleg, og kan gjere ein stor skilnad med å kjøpe klimavenleg. Fleire løfta fram poenget med at reglane for anbod gjer at miljøkostnadane ikkje kjem fram for fullt, og det bør gjerast noko med dette.  

Sigurd Tremoen, assisterande statsforvaltar, la til at ungdom er opptekne av klima, og at det er viktig å markere seg med god klimatenking, fordi det er attraktivt for dei yngre som skal velje kvar dei skal bu.