Utgreiing om kommunegrense på høyring

Statsforvaltaren skal fastsetje ei strekning av kommunegrensa mellom Øystre Slidre og Vang som har vore omstridd i lang tid. Saken er sendt på høyring til kommunane.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 09.05.2022

Statsforvaltaren fekk saka frå Øystre Slidre kommune i mai i fjor. Saka gjeld ei uklar strekning av kommunegrensa mellom Øystre Slidre og Vang kommunar.  Statsforvaltaren skal i fastsetjingssaker avgjere kvar grensa reint faktisk går, ikkje kvar ho bør liggje. I denne saka må ein langt tilbake i tid for å finne opphavet til grensa.

I ein kongeleg resolusjon av 1881 blei eigedomar i området overført frå Vang til Øystre Slidre. Statsforvaltaren legg til grunn at kommunegrensa slik den er teikna i historiske kart frå 1891 følgjer opp den kongelege resolusjonen frå 1881 og tolkast som den rettsleg gjeldande grensa. Kartgrunnlaget er gammalt og grensa må derfor tilpassast dagens eigedomsgrenser.

Kommunane får no tida fram til 16. september til å kome med si meining om utgreiinga og konklusjonen til Statsforvaltaren.