Kva tyder det at helsepersonell har ein avgrensa autorisasjon?

Til kvar tid har fleire helsepersonell i Innlandet avgrensa autorisasjon etter alvorlege brot på helsepersonellova, men er ofte i arbeid dersom dei etterlever avgrensingane dei har fått.

Publisert 14.04.2021

Desse sakene startar hos Statsforvaltaren i Innlandet, som opplyser saka og vurderer om ho skal bli sendt over til Statens helsetilsyn. Det er berre Statens helsetilsyn som kan avgrense autorisasjonen for helsepersonell og stille vilkår i samband med ein slik avgrensa autorisasjon. Av og til får slike saker merksemd frå media.

Omsynet til pasientane og brukarane viktigast

Statsforvaltaren i Innlandet ynskjer å informera om kva det vil seie å ha ein avgrensa autorisasjon og kva helsepersonell kan utføre av oppgåver og kva ansvar dei kan ha som helsepersonell. Dette er noko arbeidsgivarar og leiarar må vere merksame på. Omsynet til pasientane og brukarane er viktigast i helsetenesta. Det er ulike årsaker til at nokre får avgrensa autorisasjonen. Helsepersonell som er vurdert til å vere ueigna, vil i somme tilfelle likevel være eigna til å utøve yrket innanfor eit avgrensa felt eller når dei blir følgde opp og kontrollerte.

Kan være skikka til å arbeide innanfor fastsette rammer

Helsepersonell kan også søkje om å få ein avgrensa autorisasjon etter at dei har mista autorisasjonen  tidlegare. Felles for alle vurderingane er at ein avgrensa autorisasjon er naudsynt og tilstrekkeleg for å ta hand om pasienttryggleiken og den allmenne tilliten til helsepersonell og helse- og omsorgstenesta. Når helsepersonell har ein avgrensa autorisasjon, vil det seie at dei er vurderte som skikka til å arbeide innanfor fastsette rammer eller avgrensingar. Statens helsetilsyn fastset rammene og avgrensingane og gjer greie for dei som vilkår knytt til avgjerda i ein tilsynssak.

Døme på avgrensingar og vilkår

Helsepersonell kan til dømes få pålegg om å oppdatere sin medisinske kunnskap. Eit sentralt vilkår ved rolleblanding og intimisering av forhold til pasientar, er å måtte gå i rettleiing hos ein kvalifisert behandlar for å opparbeide nødvendig innsikt i rolleforståing og problem knytt til grenseoverskridande åtferd og rollesamanblanding. Ved overgrep mot barn vil vilkår ofte være å ikkje ha barn eller psykisk utviklingshemma som pasienter. Nokre gonger kan avgrensinga væra å ha ei konkret stilling, hos ein bestemt arbeidsgivar eller innanfor eit avgrensa område eller felt av helse- og omsorgstenesta. Vidare kan det væra at helsepersonellet må underkasta seg ein type kontroll, for eksempel rusmiddeltesting. Både den tidlegare og framtidige arbeidsgivarar må gjerast kjende med vilkåra og avgrensinga.

Helsepersonellet ber sjølv ansvaret

Som oftast stilles det krav om at helsepersonellet sjølv, arbeidsgivaren eller behandlaren/rettleiaren rapporterer til Statens helsetilsyn. Det er helsepersonellet sjølv som ber ansvaret for å følgje avgrensingane eller vilkåra, sjølv om det er andre (arbeidsgivaren eller behandlaren) som har ansvar for delar av det. At helsepersonell med ein avgrensa autorisasjon rettar seg etter vilkåra som er sette på ein ryddig og ansvarsfull måte, er avgjerande for at avgrensingane skal kunne opphevast seinare. Dersom vedkomande ikkje følgjer vilkåra, kan helsepersonellet mista autorisasjonen heilt, til dømes dersom ein testar positivt ved rustesting eller igjen opprettar eit forhald til ein pasient.

Arbeidsgivar sitt ansvar

Avgrensing av autorisasjon går fram av Helsepersonellregistret, men kva vilkår som er sette for den avgrensa autorisasjonen, går ikkje fram av Helsepersonellregisteret. Det er helsepersonellet sjølv som må opplyse arbeidsgivarar om kva vilkår som gjeld for autorisasjonen deira. Arbeidsgivaren må forsikre seg om at dei kjenner godt til kva avgrensingar eller vilkår som gjeld for helsepersonellet.

Eit utval saker med vilkår i Innlandet dei siste tre åra (Kilde: NESTOR, Statens helsetilsyn)

Type helsepersonell

Type vilkår

Lege kommune

Kompetanseheving medisinskfagleg og på kommunikasjon

Sykepleier

Rettleiing hos psykolog etter mishandling av eige barn

Sykepleier

Fagleg rettleiing om rolleforståing og skilnad mellom behandlarrolle og privatrolle

Lege kommune

Må arbeide som underordna lege med godkjent spesialist som overordna. Ikkje ha sjølvstendig allmennlegepraksis eller delta i legevakt. Kontinuerleg rettleiing

Lege kommune

Må arbeide som underordna lege på fastsett stad. Rettleiing og behandling.

Lege

Må arbeide under rettleiing i fastsett kommune

Lege

Skal ikkje ha barn og psykisk utviklingshemma som pasientar

Spesialist i radiologi

Skal bare ha arbeid som underordna lege. Ikkje gjøre visse typer radiologiske undersøkingar