Frå og med 1. januar 2026 stiller trussamfunnslova krav om minst 100 tilskotsteljande medlemmer. Fram til 2025 var kravet 50 tilskotsteljande medlemmer.
I brukarportalen kan du registere eit nytt trus- og livssynssamfunn, kreve tilskot og sjekke utbetalte tilskot.
Gå til brukarportalenSatsen som blir brukt for å rekne ut statstilskotet til trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja er 1554 kroner per medlem (2025).
- Statsforvaltaren i Østfold, Buskerud, Oslo og Akershus behandlar saker som gjeld samfunn i Østfold, Buskerud, Oslo og Akershus.
- Saker som gjeld trus- og livssynssamfunn med adresse utanfor Østfold, Buskerud, Oslo og Akershus blir behandla hos Statsforvaltaren i Agder.
Frist for å sende inn årsrapport og rekneskap er 10. april.
Sjå brukarrettleiinga for trus- og livssynssamfunn.
Vil du ha innsyn i kva trus- og livssynssamfunn du er medlem i?
Brønnøysundregistera kontrollerer medlemslister frå trus- og livssynssamfunn som søkjer statlege tilskot. Dersom du som privatperson vil vite kva trus- og livssynssamfunn du er medlem i, kan du logge inn på Min side hos Brønnøysundregistera og sjå kvar du sjølv er medlem. Du kan òg be om innsyn i medlemskap for eigne barn under 15 år. Opplysningane om medlemsskap blir oppdaterte éin gong i året og viser ikkje løpande inn- og utmeldingar.
Du finn meir informasjon på nettstaden til Brønnøysundregistera.