Gjødselbruksforskrifta – avklaringar

Etter at ny gjødselbruksforskrift kom går det føre seg eit kontinuerleg arbeid med avklaringar og utarbeiding av rundskriv og rettleiingstekst i Landbruksdirektoratet. Nye fagsystem skal på plass i laupet av 2026–2027.

Sist endret 17.03.2026

Under kan du lesa informasjon frå Statsforvaltaren i Agder til kommunane om avklaringar frå Landbruksdirektoratet. Artikkelen vil bli oppdatert etter kvart som ny informasjon kjem. Me tek atterhald om feil. Mykje skjer innan dette området for tida, og det kan fort oppstå misforståingar og koma fram tilfelle som ikkje er tenkt på.

Avkorting for manglande og mangelfull gjødslingsplan ute av PT, framleis inne i RMP

Kommunen skal ikkje lenger avkorta i produksjonstilskot pga. manglande eller mangelfull gjødslingsplan. I RMP skal kommunen framleis vurdera avkorting. Det skal vera avgjerande for reaksjonen kor relevant gjødslingsplan er for det aktuelle tiltaket. Nytt rundskriv kjem i mai/juni.

Sjå informasjon der Ldir grunngjev endringa og skilnaden på PT og RMP.

Fleirårige gjødslingsplanar

Frå 2026 er den gamle forskrifta for gjødslingsplanlegging er oppheva, og § 26 i den nye gjødslbrukforskrifta gjeld i staden. Kommunen skal frå no ikkje lenger gjera vedtak om godkjenning av fleirårige gjødslingsplanar. Bonden må sjølv vurdera om drifta er innanfor kriteriane. Kriteriane er ganske like som før. Det må utarbeidast ny plan dersom føresetnadene blir endra, t.d. ved endra gjødsling eller nye jordprøvar (etter maks. 8 år).

Sjå rettleiaren: Plan og dokumentasjon - Landbruksdirektoratet

Godkjenning av innmarksbeite som spreieareal

Kartløysing er venta etter påske 2026. Nytt fagsystem for desse søknadene vil koma seinare. No behandlar kommunen søknadene i saks- og arkivsystemet sitt som før, men heimelen er ny: § 17 i forskrift om lagring og bruk av gjødsel mv. Pass på å ha oversyn over areal og godkjenningsvedtak med tanke på at det skal inn i offentleg register med kart seinare. Sjå også tidslinja for overgangsreglar vedlagt.

Kalking

Kalk blir rekna som gjødselvare. Kalking har låg risiko for skadeverknader. Det kan tenkjast sjeldne tilfelle, t.d. ved truga surjordsartar, der kalking kan vera problematisk. 

Godkjenning av innmarksbeite som spreieareal: § 17 gjeld også kalk. Kommunen kan etter søknad godkjenna innmarksbeite som spreieareal. Innmarksbeite som har vore kalka før kan framleis kalkast utan søknad til og med 2027. Deretter må arealet godkjennast for kalking, slik som for spreiing av mineralgjødsel. Kalking på innmarksbeite som ikkje har vore kalka før må omsøkjast allereie i år.

Utmark som skal opparbeidast til innmarksbeite: § 32 gjeld også kalk. Kommunen kan etter søknad gi ein tidsavgrensa dispensasjon.

Lagerkapasitet for husdyrgjødsel

Frem til utgangen av 2028 kan virksomheter som per 01.02.2025 ikke hadde tilstrekkelig lagerkapasitet til å overholde kravene til spredetidspunkt, spre gjødselvarer uten nedmolding på eng frem til og med 15. september, og med nedmolding frem til og med 1. november. 

Dersom foretak hadde for liten lagerkapasitet per 01.02.2025 må de sørge for å ha på plass nok lagerkapasitet innen 2028, enten ved å utvide gjødsellageret sitt eller ved å for eksempel redusere foretakets dyretall. Unntaket som er gitt i § 36, 2. ledd er i utgangspunktet gitt for å gi foretakene forlenget overgangstid slik at de kan ha nok tid på seg til å utvide lagerkapasitet. Dette må kommunene bidra med å kommunisere ut til aktuelle foretak.  

Vi har bedt Landbruksdirektoratet om avklaringer når det gjelder lagerkapasitet, og Landbruksdirektoratet konstaterer at det er foretakene selv som må vurdere om de faller inn under bestemmelsen om ekstra overgangstid ved for liten lagerkapasitet. Det vil si at de aktuelle foretakene ikke trenger å søke Statsforvalteren om dispensasjon dersom de mener de ikke hadde tilstrekkelig lagerkapasitet til å overholde spredefristene ved forskriftens ikrafttredelse. Landbruksdirektoratet poengterer at foretakene i så fall må kunne dokumentere for liten lagerkapasitet. Videre gjør de oppmerksom på at kommunene må føre tilsyn med bestemmelsen på lik linje med andre bestemmelser i forskriften. Kommunen kan vurdere reaksjoner mot foretaket dersom kommunen mener at et foretak som har vurdert at de ikke hadde nok lagerkapasitet per 01.02.2025, likevel har nok lagerkapasitet.  En henstilling til å søke dispensasjon vil jo også være et alternativ.