Grunnkurs i jus- og siderproduksjon

For fruktbønder og lokalmatprodusentar – Kaupanger i Sogn 24.–26. april 2025 – i regi av Kompetansenettverk for lokalmat.

Publisert 09.04.2025

Grunnkurset gir ei innføring i produksjon av jus og sider med gjennomgang av dei viktigaste trinna i god styring av råvarer, førebuing til produksjonen, regelverket som gjeld og kva som krevjest for å oppnå drikke av god kvalitet. Du skal få oversyn over det å vere ein siderprodusent, drift og styringsprosessar i produksjonen.

Målgruppa er fruktbønder og lokalmatprodusentar med ambisjon 0–50 000 liter. Det er ein føremon med noko erfaring i pressing av frukt. Kompetansenettverk for lokalmat tilbyr kurs for bedrifter under 10 årsverk.

Sjå informasjon om kurset på nettsida til Kompetansenettverk for lokalmat.