Jordvern

Oppdatert 04.02.2025

Vi treng dyrka og dyrkbar jord for å sikre matforsyning på lang sikt. Derfor bør vi i størst mogleg grad unngå å byggje vegar, bustader og industribygg på dyrka mark. Jordvern inneber å sikre at den beste jorda framleis blir brukt til å dyrke mat og ikkje omdisponert til andre formål.

Presset på matjordareal varier frå fylke til fylke

Utfordringane på dette området varierer mykje frå region til region, med overskot av areal, attgroing og dårleg vedlikehald i enkelte område, og underskot, nedbygging, mangel på areal å spreie husdyrgjødsel på og høge leigeprisar i andre område.

Dei delane av landet med byar og tettstader som veks mest, har også dei mest produktive jordbruksområda. Dei siste 50 åra er det omdisponert meir enn ein million dekar jordbruksareal til andre formål. I arealplanlegginga må utbyggingsbehov, transportsystem, grønstruktur, friluftsinteresser, biologisk mangfald og kulturminnevern vurderast samla.

Vis meir


Publisert 27.01.2022

Opptak av webinar om kunnskapsgrunnlag for jordvern

Kartløysinga Kilden – arealinformasjon, databasar og statistikk – nyttig i kommunane sitt arbeid med arealforvaltning.


Publisert 26.02.2021

Dyrkingskart gir jordvernet drahjelp

Det er verdifulle jordbruksarealer i Agder og potensiale for mer produksjon av korn og grønt.


Publisert 23.01.2020

Arealbarometer for Agder

1,5 % av fylkets areal er jordbruksareal, og grasproduksjon dominerer.