Funn av sjeldan art i Valle

Solblombandfluge frå Rygnestad og Flateland. Foto: Anne Lene Willemsen.

Solblombandfluge funne under arbeidet med forvaltningsplan for Rygnestad og Flateland.

Publisert 12.03.2024

Valle kommune fekk både i pose og sekk då kommunestyret vedtok Forvaltningsplanen for Rygnestad og Flateland UKL-område i desember i fjor. I samband med planarbeidet gjorde Fjellrein AS ved Ragnhild Bjåen og Anne Lene Willemsen noko feltarbeid, og då fann dei solblombandfluge. Den lever inni solblomen sine korger. «Då me tok inntørka knoppar frå solblom klarte me å drive fram sju bandfluger. Det er ikkje registrert solblombandfluge på Rygnestad – Flateland tidlegare og arten har vore antatt utdøyd i heile Agder» skriv dei i planen på side 66.

Solblombandfluge er vurdert som sterkt truga (EN) på Raudlista fordi den er knytt til solblombestanden – som også er vurdert som sterkt truga (EN) på Raudlista. Solblomen er som kjend ein indikatorart for slåttemark i tradisjonell bruk, og med lang kontinuitet. På Rygnestad og Flateland er det nokre slåttemarker i tradisjonell bruk og der er der ein flott og livskraftig bestand av solblom (side 65).  

Solblom på Rygnestad og Flateland. Foto: Anne Lene Willemsen.

Valle kommune fekk eit særskilt ansvar for solblomen i 2007 då dåverande miljøvernminister Erik Solheim sendte postkort til kommunane med bilete av ein truga art som kommunen vart oppmoda til å ta ekstra ansvar for. På postkortet til Valle kommune var det bilete av ein solblom. Solblom er no fylkesblomen til Agder. Det er derfor ekstra gledeleg at solblomen trivst i UKL-området i Valle og at den huser solblombandfluge. Kommunen og grunneigarane i området har tatt ansvaret som miljøvernministeren ga dei i 2007.