Kva kan og skal ein verje gjere om nokon er skyldig pengar til verjehavar?

Gjeldsbrev (This file is made available under the Creative Commons CC0 1.0 Universal Public Domain Dedication)

Det hender at ein verje oppdagar at verjehavar har lånt ut pengar, eller at nokon har hatt tilgang til verjehavar sin konto og sjølv «lånt» pengar utan at verjehavar har samtykka til det. I nokre høve er pengane tatt på ein måte som bryt med straffelova. Kva kan, eller skal, verje gjere i ein slik situasjon?

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 18.01.2021, Sist endra 18.01.2021

1. Verje si plikt

Den fremste oppgåva til ein verje er å ta vare på interessene til verjehavar innan det mandatet verja har, sjå verjemålslova § 31.

I denne oppgåva ligg også å sørgje for at eigedelane, og pengane, til verjehavar blir forvalta på ein god måte, sjå verjemålslova § 36.

Dersom nokon skylder pengar til verjehavar, så må pengekravet mot skyldnaren (fordringa) bli forvalta og sikrast på ein god måte.  Eit gjeldsbrev vil vere den beste løysinga dersom skyldnaren ikkje kan, eller vil, gjere opp kravet med ein gong.

2. Frivillig løysing – gjeldsbrev

Eit gjeldsbrev inneber at skyldnaren skriftleg vedgår at han eller ho skylder pengar til verjehavar. Alle som har lån i bank eller andre finansinstitusjonar må skrive under på eit gjeldsbrev. I privat samanheng så er det kanskje ikkje like vanleg at born, søsken, vener eller andre skriv eit gjeldsbrev om ein låner pengar. Ein skriv kanskje kravet «bak øyra» og får pengane ved eit seinare høve.

Når ein person har verje, eller treng verje, er helsa til verjehavar svekka og vedkommande har gjerne mista kontrollen på kven som skylder kva, eller så har nokon utnytta situasjonen og «lånt» pengar. I alle høve så kan den som er oppnemnd som verje lage eit gjeldsbrev slik at kravet blir sikra. Denne løysinga inneber at skyldnaren godtek kravet og vil betale tilbake.  

a) Korleis opprette eit gjeldsbrev

Gjeldsbrevet må gjerast skriftleg. Det må gå fram kven som skyldar pengar og kor mykje pengar det er snakk om. Gjeldsbrevet må også vere signert. Dersom partane er einige om ein dato for kva tid pengane skal betalast så må det gå fram av gjeldsbrevet, men det er ikkje naudsynt.

b) Gjeldsbrev som grunnlag for tvang

Dersom gjeldsbrevet skal vere grunnlag for å drive inn pengane med tvang, så må det gå fram av dokumentet. Eit slikt gjeldsbrev blir då eit «særleg tvangsgrunnlag», sjå tvangsfullbyrdingslova § 7-2. Det er ein stor fordel å ha med eit slikt vilkår i gjeldsbrevet fordi då slepp ein å gå til domstolen/forliksrådet for å få dom og, på den måten, tvangsgrunnlag. Eit gjeldsbrev som skal vere tvangsgrunnlag må vere signert av to vitne som er myndige.

c) Forelding

Den alminnelege fristen for at eit pengekrav skal bli forelda er 3 år, sjå foreldelsesloven § 2. Det vil seie at dersom ein skal lage eit gjeldsbrev for «gammal» gjeld, så kan ein normalt ikkje ta med gjeld som er eldre enn 3 år. Det kan ikkje avtalast at også eldre gjeld kan takast med, sjå foreldelseslova § 28.

Eit gjeldsbrev blir forelda etter 10 år, sjå foreldelseslova § 5. Dersom fristen på 10 år nærmar seg så kan ein sette opp et nytt gjeldsbrev med nye 10 års frist fordi skyldnaren då erkjenner at han er skyldig beløpet og dermed blir foreldinga broten, sjå foreldelseslova § 14. Dersom skyldnaren ikkje erkjenner kravet på ny, må ein vurdere å gå til domstolen for å bryte fristen, sjå foreldelseslova § 15.

3. Skyldnaren nektar for kravet

Dersom skyldnaren nektar for kravet og ikkje vil skrive under på eit gjeldsbrev treng verjehavar eit såkalla tvangsgrunnlag. Det vil seie at ein må ha ein dom for at kravet er rett og for å krevje betaling med tvang. Oftast vil ein slik prosess starte med ei sak i forliksrådet – verje må ta ut forliksklage for å få dom for at skyldnaren skal betale. Du kan få rettleiing hos forliksrådet om korleis du skal gå fram.

Det som er viktig å tenkje på dersom ein vil gå til forliksrådet er at ei sak kan føre til utgifter for verjehavar. Om ein taper saka kan ein bli ansvarleg for motparten sine omkostningar. Men, også om ein vinn kan det bli utgifter fordi motparten ikkje har noko å betale med. Verja må difor vurdere om kravet er så stort at det er verdt å prøve saka for forliksrådet. Her må også tida som blir brukt og ei eventuell belastning for verjehavar reknast inn.

Dersom ein får dom for eit krav må ein gå vidare på inndriving av kravet.

4. Inndriving

Sjølv om skyldnaren erkjenner at han eller ho skylder pengar, så hjelper det lite om vedkommande ikkje betaler. Har ein eit tvangsgrunnlag kan ein få hjelp av namsmannen til å drive inn pengane. Tvangsgrunnlaget kan vere gjeldsbrev eller dom (dei vanlegaste i slike saker).

Har ein ikkje tvangsgrunnlag så må ein skaffe seg det. 

I dei tilfella skyldnaren ikkje har pengar, hjelper det lite å gå til inndriving. Namsmannen konkluderer i dei tilfella med at det er «intet til utlegg». Med eit gjeldsbrev kan ein vente og sjå om skyldnaren til dømes får inntekt eller arv som gjer at han eller ho blir i stand til å betale seinare.

Namsmannen kan gje meir informasjon om prosessen og vilkåra for å drive inn pengar.

5. Verjehavar døyr - kva skjer med gjelda?

Eit gjeldsbrev, eller ein dom på at ein person skylder pengar, er ei fordring mot skyldnaren. Ei slik fordring blir ikkje borte om verjehavar døyr men blir ført vidare til dødsbuet som aktiva i buet. I dei fleste tilfella vil det vere arvingane til verjehavar som tar seg av dødsbuet og som må forsøke å krevje pengane frå skyldnaren. I nokre få tilfelle blir det eit offentleg dødsbu og då er det styraren av dødsbuet (ofte ein advokat) som vil prøve å krevje inn fordringa.

6. Straffbare forhold

Dersom verje mistenkjer at pengar er tatt på ulovleg måte, stolne eller ved underslag eller økonomisk utruskap, så er det ei sak for politiet. Det er politiet som etterforskar slike skuldingar og som avgjer om ein skal ta ut tiltale mot gjerningspersonen.

Verje kan sette fram krav om erstatning i samband med meldinga til politiet. Politiet kan rettleie om dette.

Dersom saka kjem for retten og skyldnaren blir dømd, kan kravet drivast inn med tvang.

NB! Teksten her gir deg berre hovudreglar. Dersom det er kompliserte saker, gjerne med store summar, kan det vere aktuelt å få bistand frå advokat for å sikre kravet. Det må verje og verjehavar drøfte og ta stilling til. Det kan krevje løyve frå Statsforvaltaren om ein skal bruke større summar på advokathjelp. Ta kontakt med Statsforvaltaren for meir rettleiing om dette.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.