Om verjerekneskap for andre halvår 2013

Vi opplever stor pågang på telefon og e-post i samband med purringar som har blitt sende ut om verjerekneskap. Vi vil difor informere om kva som skal sendast inn til Fylkesmannen.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 15.07.2014

Ordinær rekneskapsplikt 

Følgjande skal sendast inn:

1. Fullstendigheitserklæring

Skjema for dette finn du her: http://vergemal.no/Nyttige-skjema/ 

Dette er ei erklæring om at du har gitt fullstendige og korrekte opplysningar.

2. Kopi av bankkontoutskrifter 

Utskrifter frå konto/konti du har disponert over på vegne av person med verje for andre halvår 2013, altså perioden 1.7.– 31.12.2013. Dersom utskrifta er uklare eller manglar forklarande tekst, kan det skrivast direkte på utskriftene, eller ein kan nytte kommentarfeltet i fullstendigheitserklæringa. Det må t.d. framkome kva større kontantuttak i hovudsak er nytta til. Dersom du manglar utskrifter, vil du få dette ved å kontakta banken.

3. Kopi av sjølvmelding for 2013

I tillegg til kopi av sjølvmeldinga må det leverast kopi av eventuelle årsoppgåver for aksjar, obligasjonar, fond eller andre verdipapir som verja disponerer over på vegne av person med verje.

OBS! Det skal ikkje sendast inn rekneskapsbilag som kvitteringar eller anna som dokumenterer transaksjonar på verjekonto. Desse skal oppbevarast i 3 år. Fylkesmannen vil eventuelt seinare kunne etterspørje enkeltbilag.

For dei med utvida rekneskapsplikt: sjå Vergemålsprotalen med nettadresse www.vergemal.no

Innleveringsfristen har gått ut, men dersom du ikkje har sendt inn rekneskap, ber vi om at dette blir sendt snarast og seinast innan utgangen av august 2014.

Dersom noko er uklart, ta kontakt med Fylkesmannen. Men vi gjer merksam på at det er mange som kontaktar oss og at det derfor tidvis kan vere vanskeleg å nå fram på telefon. Vi har telefontid kvar dag mellom kl. 12-14 og kan treffast på telefonnummer 51 56 88 05, eller send ein e-post så tar vi kontakt.

Rekneskap sendast til:

Fylkesmannen i Rogaland, verjemål

postboks 59, 4001 Stavanger

eller på e-post til:  fmropost@fylkesmannen.no  

Du finn også nyttig informasjon på www.vergemal.no

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.