Bent Høie tiltrer som statsforvaltar i Rogaland 1. november

Bent Høie tiltrer som statsforvaltar i Rogaland 1. november.

Måndag 1. november er Bent Høie på plass som statsforvaltar i Rogaland. Frå same dag er Lone M. Solheim assisterande statsforvaltar. 

Publisert 21.09.2021

Bent Høie blei i statsråd 26. oktober 2018 utnemnt til fylkesmann i Rogaland etter Magnhild Meltveit Kleppa. Nå er rett nok stillinga døypt om til statsforvaltar, men ettersom Høie var innvalt på Stortinget, kunne han ikkje tiltre embetet før valperioden var over denne hausten. I mellomtida har Lone M. Solheim vore konstituert statsforvaltar.

– Gleder meg veldig!

Høie er framleis statsråd i Solberg-regjeringa fram til Jonas Gahr Støre overtar som regjeringssjef, truleg i midten av oktober. Gleder han seg til å starta i ny jobb?

– Ja! Eg gleder meg veldig. Eg søkte jobben fordi eg synest rolla er spennande. Fylket vårt, som landet elles, har store moglegheiter og utfordringar me skal gjennom dei neste åra. Dette arbeidet står statsforvaltarane sentralt i, svarer Høie. 

– Statsforvaltaren er operativ og nyttig

– Du har hatt mykje kontakt med oss og andre statsforvaltarar under pandemien. Kva inntrykk har du fått?

– Eg har fått eit endå meir positivt inntrykk enn eg hadde tidlegare. Statsforvaltaren har vore viktig under pandemien, både med koordinering i fylket – og som samordnar og bindeledd mot sentrale styresmakter. Eg har sett kor operativ og nyttig Statsforvaltaren er.

Ikkje behov for ferie

Gjennom pandemien har Bent Høie blitt ein av dei aller mest synlege statsrådane våre. Det har vore travelt, men kunne han tenkt seg ein laaaaang ferie når han i oktober er ferdig etter åtte år som statsråd? Neida. 

– Nei, eg er ikke utsliten! Eg hadde ein fin og god ferie i sommar, så eg har ikkje eit sterkt behov for meir ferie ennå, seier Bent Høie. 

Lone M. Solheim har vore konstituert statsforvaltar. Når Bent Høie er på plass, tar ho over som assisterande statsforvaltar etter Harald Thune som pensjonerte seg i sommar. Foto: John Gunnar Skien/Statsforvaltaren i Rogaland. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar