Melding om oppstart naturreservata Skipavåg vest og Skipavåg aust i Vindafjord kommune

Høyringsfrist:
27. oktober 2021
Foto: Christine Pötsch / Rådgivende Biologer AS.

Det er meldt oppstart av frivillig vern av naturreservata Skipavåg vest og Skipavåg aust i Vindafjord kommune. Området inkludert i verneprosess omfattar grunn på eigedomen gnr./bnr. 97/1 og 98/1 i Vindafjord kommune.

Publisert 06.10.2021

Naturreservata Skipavåg vest og Skipavåg aust er to nærliggande område på til saman 909 dekar. Områda er til dels komplimenterande og inkluderer både fattig og rik skogsmark. Det er ein stor arealdel på høg og svært høg skogsbonitet i lågtliggande område, dvs. under 250 moh. Det er fleire parti med edellauvtre med alm ask barlind og eik, mellom anna i haustingskogar med stor dimensjon på trea. Til saman vil dei sikre vern av skogsdynamikk med eit betydeleg mangfald av artar assosiert med fuktige vintermilde klima.

Uttalefrist er 27. oktober 2021, og merknadar kan sendast Statsforvaltaren i Rogaland, pb. 59, 4001 Stavanger eller sfropost@statsforvalteren.no.