Statsforvaltaren fekk nytt og kjønnsnøytralt namn 1. januar 2021. Det gamle namnet vårt var Fylkesmannen.

Melding om oppstart Adnaråsen naturreservat i Sokndal kommune

Høyringsfrist:
8. april 2021
Adnaråsen i Sokndal kommune
Adnaråsen i Sokndal kommune Foto: Einar Heegaard / Statsforvaltaren i Rogaland.

Det er meldt oppstart av frivillig vern av Adnaråsen naturreservat i Sokndal kommune. Området inkludert i verneprosess omfattar grunn på eigedomen gnr./bnr. 69/2 i Sokndal kommune.

Publisert 18.03.2021

Adnaråsen NR er ei skogkledt høgde på om lag 166 dekar med eit betydeleg innslag av rik edellauvskog og hassel. Det vil sikre eit vern av skogsdynamikk med eit betydeleg mangfald av artar assosiert med rike fuktige edellauvskogar. Her er mellom anna fleire artar epifyttar som er svært kravstore med omsyn til miljø.

Uttalefrist er 8. april 2021, og merknadar kan sendast Statsforvaltaren i Rogaland.