Tilsyn med miljøretta helsevern
- Dato:
- 1. oktober 2019 - 3. oktober 2019
- Stad:
- Bjerkreim kommune
- Ansvarleg:
- Fylkesmannen i Rogaland
Statens helsetilsyn har avgjort at det i 2019 skal gjennomførast eit landsomfattande tilsyn med kommunane sitt folkehelsearbeid etter folkehelselova, fokuset vil væra kommunane sitt tilsyn med miljøretta helsevern i skular og barnehagar.
Publisert 05.03.2019
Tilsynet vil undersøke om kommunen tar i vare sitt tilsynsansvar med å syte for;
- klar fordeling av myndigheit og oppgåver, nødvendig uavhengigheit og kompetanse
- oversikt over godkjenningspliktige skular og barnehagar
- at risikoforhold i miljøet i den enkelte barnehage og skule vert følgt opp og at kommunen fører regelmessig tilsyn med barnehagar og skular i kommunen
- at tilsyn systematisk blir følgt opp der det er avdekka lovbrot
Følgjande regelverk er lagt til grunn for tilsynet:
- Lov om folkehelsearbeid (folkehelselova)
- Forskrift om miljø retta helsevern i barnehagar og skular
- Forskrift om miljø retta helsevern
- Forskrift om oversikt over folkehelsa
- Dato:
- 1. oktober 2019 - 3. oktober 2019
- Stad:
- Bjerkreim kommune
- Ansvarleg:
- Fylkesmannen i Rogaland
Kontaktpersonar
-
Helge A. Haga
Tlf: 51 56 88 56