Kan skolar beslaglegge elevane sine mobiltelefonar?

Ja, det kan dei om det er fastsett i ordensreglementet for skolen. Men skolane kan ikkje som hovudregel nytte dette reglementet til å ha mobilane beslaglagde utover skoletida eller etter at skoledagen er slutt.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 11.03.2022

Korkje opplæringslova eller forskrift til opplæringslova har reglar om bruk av mobiltelefon. Skolane må regulere mobilbruken i sitt ordensreglement.

Ordensreglement

Reglar om mobiltelefon i skolen må takast inn i skolen sitt ordensreglementet. Ordensreglementet skal vere innafor dei rammene som opplæringslova og menneskerettane set fast. Det er kvar enkelt kommune/skole som vedtek ordensreglane, noko som kan bety at dei kan vere ulike i kommunane/ skolane. 

Alle skolar skal ha eit ordensreglement jf § 2-9 i opplæringslova:

Reglementet skal gi reglar om rettane og pliktene til elevane så langt dei ikkje er fastsett i lov eller på annan måte. Reglementet skal innehalde reglar om åtferd, reglar om kva tiltak som skal kunne brukast mot elevar som bryt reglementet og reglar om framgangsmåten når slike saker skal behandlast.

Det må gå fram i ordensreglementet kva for tiltak skolen kan bruke overfor elevar som bryt reglane, og kva framgangsmåte skolen vil bruke i slike saker. Kva for sanksjonar som kan vere aktuelle skal difor stå i ordensreglementet. Sanksjonane må vere rimelege alt etter alvorsgrad, gjentaking og eleven sin alder. Å beslagleggje ein elev sin mobiltelefon ut skoledagen, vil kunne vere ein av fleire moglege sanksjonar.

Rett til å uttale seg før vedtak

Ordensreglementet er ei forskrift som må vedtakas i samsvar med reglane i forvaltningslova. Sentralt her er kravet om at alle som forskrifta (ordensreglementet) gjeld for, skal ha høve til å uttale seg før vedtak blir fatta.

Grupper som blir omfatta av ordensreglementet, har rett til å uttale seg m.a. om kva for reglar som skal gjelde for bruk av mobiltelefon. Dette gjeld elevar, føresette og tilsette. Uttaleretten er ivareteken om elevrådet, SU/SMU,  FAU og dei tilsette sine organisasjonar, har fått ein rimeleg frist til å seie kva dei meiner.

Skoleeigar kan delegere mynde til å fastsetje ordensreglement, til dømes til rektor på skolen.

Om mobiltelefon i skoletida

Det er eit rimeleg krav at mobiltelefonar skal vere avslått i skoletida. Behovet for generell ro i undervisninga og retten til eit godt skolemiljø, blir her eit sentralt argument. I tillegg har den einskilde elev rett til ikkje å bli filma eller fotografert med den risikoen det kan innebere for publisering. Slik kan det forsvarast at mobiltelefonar heller ikkje skal brukast i pausar frå undervisninga der skolen har ansvar for elevane.

Elevane si fritid er utafor reglementet

Føringane frå Utdanningsdirektoratet spesifiserer at telefonen ikkje kan takast frå eleven utover skoletida eller etter at skoledagen er slutt. Elevane si fritid er utafor rammene av kva ordensreglementet kan regulere.

Direktoratet presiserer vidare at:

Hvor lenge en elev kan tas fra telefonen, må vurderes ut fra hvor alvorlig og gjentagende bruddet på reglene er, og hvor skadelig for undervisning og ro og orden det er å gi den tilbake. Varigheten må vurderes helt konkret. Langvarig inndragelse, for eksempel en hel dag, bør praktiseres med forsiktighet, men kan noen ganger være nødvendig.

Om forbod mot mobiltelefon på skolen

Utdanningsdirektoratet uttaler at skolane kan regulere mobilbruk i ordensreglementet ved for eksempel å forby bruk av mobiltelefon i timen. Men ordensreglementet kan ikkje regulere fritida til elevane. Foreldre og andre må ha høve til å ha telefonkontakt eleven etter skoletid, og dette ligg det til foreldra å avgjere. Skolen sitt ordensreglement kan difor ikkje strekke seg lenger enn skoletida og det som er nødvendig for å gi elevane ro i undervisninga og eit tilfredsstillande skolemiljø.

Meir informasjon

Utdanningsdirektoratet sine tolkingar om mobilbruk i skolen frå 12.11.2012, finn du på deira nettstad.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar