Fylkesmannen i Rogaland blir som i dag

Det blei bestemt av Kongen i statsråd i føremiddag. Det blir fire samanslåingar frå 1. januar 2019. Fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa er glad for at det nå er avklart. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 10.03.2017

Den nye strukturen består av 11 fylkesmannsembete, der grensene er samanfallande med den nye inndelinga av det folkevalde regionale nivået.

  • Fylkesmannsembeta i Hordaland og Sogn og Fjordane blir eitt embete med delt lokalisering
  • Fylkesmannsembeta i Oslo og Akershus, Østfold og Buskerud blir eitt embete med tre lokaliseringar
  • Fylkesmannsembeta i Oppland og Hedmark blir eitt embete med éi lokalisering
  • Fylkesmannsembeta i Telemark og Vestfold blir eitt embete med éi lokalisering
  • Fylkesmannsembeta i Aust- og Vest Agder er alt slått saman frå 1. januar 2016.
  • Fylkesmannsembeta i Sør- og Nord Trøndelag blir eitt embete, som tidlegare vedtatt, frå 1. januar 2018.

Uavklart i nord

Embeta i Møre og Romsdal og Rogaland blir som i dag. For dei tre nordlegaste embeta (Nordland, Troms og Finnmark) blir det ikkje gjort noko nå. Der kan det bli aktuelt med ei endring når utgreiinga av regionstrukturen i nord er klar, seinast våren 2018.

Kleppa er nøgd

Fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa er nøgd med at det nå er avklart at Rogaland blir eige fylke også framover.

- Rogaland har rundt 10 prosent av folketalet i landet, og nærheit til innbyggjarar og kommunar er viktig. Hos Fylkesmannen i Rogaland skal me gjera det me kan for at Rogaland framleis blir eit godt fylke å bu og arbeida i for alle, seier Kleppa. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.