Ole Mathis Hetta er slått til riddar

Tidlegare fylkeslege i Rogaland, Ole Mathis Hetta, fekk fredag overrekt diplom og medalje av fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 05.09.2016

Kongen har utnemnt samfunnsmedisinaren Ole Mathis Hetta til riddar 1. klasse av den kongelege norske St. Olavs orden. Han får utmerkinga for pionerinnsatsen for urfolks rettar og helse.

Ei tydeleg stemme

Hetta har som distriktslege, kommuneoverlege, kvalitetsrådgivar for Helsedirektoratet - og fylkeslege, vore ei tydeleg stemme for den samiske pasienten. Han har ofte blitt kontakta av samiske pasienta som har trengt hjelp i forhold til helsevesenet.

Frå Kautokeino, busett i Stavanger

Den nå pensjonerte legen er fødd i Siebe i Kautokeino i Finnmark, men er busett i Stavanger. Hetta har også i ei årrekke vore engasjert i helseprosjekt i utlandet.

Hetta blei heidra under eit høgtideleg arrangement i kongebustaden Ledaal i Stavanger fredag 2. september.

Talen til fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa finn du som vedlegg til denne nettsaka. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.