Jubileumsreisa: Kongeparet til Stavanger

Deira Majestetar Kongen og Dronninga drar på jubileumsreise med Kongeskipet «Norge» i perioden 18. til 29. juni 2016. 27. juni kjem dei til Stavanger.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 09.02.2016

Reisa er eit ledd i markeringane av at Kongen og Dronninga har vore Kongepar i 25 år. Turen startar i Tromsø 18. juni og går vidare til Bodø 19. juni, Trondheim 22. og 23. juni, Bergen 25. juni, Stavanger 27. juni og Kristiansand 29. juni.

Folkearrangement i kvar by

Programma i byane er ennå ikkje klare, men det blir eit folkearrangement på kvar stad. I tillegg inviterer Kongen og Dronninga til hagefest med gjestar frå den regionen dei besøker. Gjestane blir plukka ut i samarbeid med Fylkesmannen i kvart fylke.

I Trondheim blir det også ei festgudsteneste i Nidaros domkirke (Nidarosdomen) den 23. juni, til minne om signinga for 25 år sidan.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.