Fylkesmannen tilbyr praksisplassar

Arbeidsløysa i Rogaland auka med 70 prosent frå september 2014 til same månad i år. Nesten 10.000 rogalendingar står nå utanfor arbeidsmarknaden. I ein slik situasjon er det tid for å henta fram den gode dugnadsånda.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 14.10.2015

Frå å vera eit fylke med prosentvis færrast arbeidsledige (2,3 prosent september 2014), toppar me nå landsstatistikken i lag med Aust-Agder. I september 2015 var 3,8 prosent av arbeidstyrken utan jobb i Rogaland (Aust-Agder 3,9 prosent). Dette er ein vanskeleg situasjon for dei det rammar.

– Då må alle hjelpa til så godt dei kan. Derfor har Fylkesmannen i Rogaland tatt initiativ overfor NAV Rogaland og meldt inn at me kan tilby inntil seks praksisplassar for ein periode på tre eller seks månader, seier fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa.

Oppfordring til andre statsetatar

Dei aller fleste oppgåvene hos Fylkesmannen krev høgare utdanning, men det breie spekteret av fagoppgåver opnar for svært varierande fagleg bakgrunn. Embetet manglar ledige kontor, men løyser dette med kontordeling dei månadene det trengst.


To gonger årleg inviterer Kleppa leiarane for dei statlege verksemdene i Rogaland til statetatsmøte. Fylkesmannen har bede alle vurdera om dei kan tilby praksisplassar, som kan sikra arbeidsledige ny erfaring – og eit verdfullt bidrag til CV-en. Dette blir eitt sentralt tema på det førstkommande statsetatsmøtet i Statens Hus, torsdag 15. oktober.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.