Aktive pensjonistar på veg til Slottet

Ei stor ære. Ei stor overrasking. Det var gjennomgangstonen då Jon Olav Velde, Olaug Nevland, Idar Møller og Tore Sandvik besøkte Fylkesmannen. 15. oktober er dei inviterte til Afternoon Tea på Slottet. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 01.10.2015

Det er tredje gongen kongeparet inviterer til Afternoon Tea. Desse arrangementa har vore så vellukka at suksessen blir gjentatt i år. Fire personar over 67 år frå kvart fylke blir inviterte, alle er aktive i lokalmiljøa sine på ulike vis. Bakgrunnen for invitasjonen er kongeparet sitt ønske om å fokusera på verdien av ein aktiv alderdom.

Te på Slottet, kaffi hos Fylkesmannen

Dei fire som reiser denne gongen er plukka ut av fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa, i tett samarbeid med dei fire heimkommunane. For at dei skal bli betre kjende med kvarandre før dei reiser, inviterte derfor fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa på føremiddagskaffi i Statens Hus. Kleppa har vore på Slottet mange gonger før og gav dei enkle råd og tips til korleis ein ter seg.

Lange tradisjonar

Afternoon Tea er ein gammal engelsk skikk som Dronning Maud tok med seg inn i kongefamilien, så det har vore lang tradisjon for dette på Slottet. For tredje gong samlar kongeparet aktive eldre på denne måten.

Dei som drar denne gongen

  • Jon Olav Velde (70) frå Vindafjord.
  • Olaug Nevland (71) frå Bjerkreim.
  • Idar Møller (75) frå Sola.
  • Tore Sandvik (80) frå Hjelmeland.

Fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa gav gode råd om korleis ein ter seg på Slottet. Dessutan fortalte dei fire som skal reisa om bakgrunnen for at dei er plukka ut.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar