Nytt sjukehus: Fylkesmannen tilrår Våland

Nytt universitetssjukehus er den største etableringa av ei besøksintensiv verksemd som nokon gong er gjennomført i regionen. I dei statlege planretningslinene som blei vedtekne i fjor haust, blir det slått fast at besøks- og arbeidsintensive arbeidsplassar skal lokaliserast til regionalt prioritert senterstruktur og kollektivknutepunkt. Av alternativa Ullandhaug, Stokka og Våland er det bare Våland som oppfyller eit slikt krav.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 28.09.2015

Ei plassering på Ullandhaug eller Stokka er dessutan i strid med hovudgrepet i Regionalplan Jæren, der målet er ei kompakt byutvikling og ein reduksjon i transportbehovet. Våland ligg i eit område med kort avstand til der flest bur, også i framtida.

Våland det minst bilavhengige alternativet

Situasjonen i dag er at ein stor del av dei tilsette ved sjukehuset kjem seg til jobb gåande, syklande eller kollektivt. Våland ligg sentralt i Stavanger, godt innanfor sykkelavstand til sentrum. Våland ligg nærare hovudkollektivaksane enn dei andre alternativa, og vil også i framtida bli enklare å kopla til eit kollektivsystem med høg brukarfrekvens. Me vil særleg framheva nærleiken til jernbanen. Våland er det minst bilavhengige alternativet, og såleis det som genererer minst transportarbeid. Ullandhaug ligg ikkje inntil hovudkollektivaksane, og per i dag ligg det heller ikkje føre planar for å gjera Ullandhaug til ein del av ein hovudkollektivakse. Dette gjeld også alternativet Stokka, som i tillegg har ei lokalisering som er i strid med kommuneplan for Sandnes og Regionalplan Jæren.

Etter vår vurdering er det bare gjennom alternativet Våland me kan oppnå 0-vekstmålet i biltrafikk.

Kva med pasienten?

Det å etablera eit nytt sjukehus er eit komplekst spørsmål, det kjem fram av kriteriesetta som er lista opp i konseptrapporten. Etter vår vurdering er samfunnsforhold (kriterium 3), altfor lite vektlagt i rapporten. Fylkesmannen vil også peika på at det i for liten grad er lagt vekt på ikkje-prisgitte konsekvensar, eksempelvis omsynet til langsiktig byutvikling. Etter vår vurdering er også omsynet til brukaren/pasienten i for liten grad vektlagt, om me ser vekk frå ein avgrensa byggefase.

Det er viktig at eit nytt sjukehus blir lokalisert slik at det sikrar tilgjenge for personar med fysiske, psykiske og sosiale funksjonshemningar. Fylkesmannen vil særleg peika på at barn og unge, rusavhengige og kronisk psykisk sjuke opplever terskelen for å oppsøkja spesialisthelsetenesta som høgare enn andre. Eit sjukehus integrert i bystrukturen, og med godt kollektivtilgjenge, vil ha betre føresetnader for å nå personar som slit med ein høg terskel for å søkja hjelp. Utviklinga vil venteleg gå i retning av meir poliklinisk, dagbasert og ambulant verksemd i spesialisthelsetenesta. Dette vil forsterka behovet for at sjukehuset er godt integrert i ein sentrumsstruktur.

Fylkesmannen rår til at nytt universitetssjukehus blir lokalisert til Våland.

Du finn heile høyringsuttalen til Fylkesmannen i Rogaland i høgremargen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Dokument