Velkommen til Innovasjonskonferansen 2015

Er leiaren si haldning til fornying avgjerande for at nye løysingar blir utvikla og tatt i bruk? Det er ei av problemstillingane som Innovasjonskonferansen 2015 skal handla om. Meld deg på i dag!

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 06.03.2015

Det skjer måndag 27. april i Sola kulturhus. På programmet finn me foredragshaldarar som astrofysikar Eirik Newth og arkitekt Helle Juul i Smart city 2.0. Programmet spenner frå foredrag om å forstå framtida, og å kunna planleggja ut frå behov, til innovasjon i samferdsel og by- og regionutvikling, omsorg og velferdsteknologi og innovasjon ved innkjøp og samarbeid med næringslivet.

Kven bør komma?

Samlinga er ein felles arena for folkevalte og administrasjon der ein kan dela erfaringar og få inspirasjon og idear til arbeidet med å skapa ei berekraftig velferd. Målgruppa er politiske og administrative leiarar og medarbeidarar på tvers i kommunane, brukarorganisasjonar, samarbeidspartar i offentleg sektor, næringslivet og akademia. Det er Sola kommune, Time kommune, KS, UiS og Fylkesmannen i Rogaland som i samarbeid inviterer til konferansen.

Framtidstenking og leiarar sitt forhold til fornying

Blant foredragshaldarane er Eirik Newth, astrofysikar, forfattar og bloggar. Newth skal snakka om korleis framtidstenking kan føra til innovasjon. Han spør om kunnskapen vår om kva som vil forma framtida kan brukast til å finna nye løysingar på dei utfordringane samfunnet vårt har føre seg.

Martin Gjelsvik, professor ved UIS, ser på leiarar sitt forhold til fornying. Han spør i foredraget om det er slik at leiarane sine haldningar til fornying er avgjerande for at nye løysingar skal utviklast og takast i bruk? Gjelsvik har forska på både innovasjonsstrategiar og leiing.

Innovasjon i ulike sektorar

Ein del av dagen vil bestå av parallellsesjonar, med ulike tema. I sesjonen om innovasjon ved innkjøp og samarbeid med næringslivet får du vita meir om innovative innkjøpsprosessar og korleis desse kan brukast til å skapa nye og betre løysingar for innbyggjarane, og samtidig stimulerer næringslivet.

I sesjonen om innovasjon i samferdsel og by- og regionutvikling får du høyra om Smart City 2.0 - ein verdiorientert måte å tenkje planlegging av byen på. Arkitekt Helle Juul i Juul/Frost tek oss gjennom historia om København si reise frå sliten hamneby med ølkneipepreg, til attraktiv og dynamisk storby. Helle Juul har vore involvert i mange prosjekt i Noreg, blant anna i utviklinga av ein framtidsretta visjon for Forus Næringspark.

I sesjonen om innovasjon i omsorg og velferdsteknologi er temaet den demografiske endringa vi om få år møter, med fleire innbyggjarar som vil ha behov for hjelp, og færre til å gi hjelp. Når det ikkje lenger er mogleg å berre gjera meir av det same, må nye løysingar takast i bruk om vi skal greia å oppretthalda ei berekraftig velferd for innbyggjarane. Sesjonen rettar seg særleg mot leiarar og rådgivarar på levekårsområdet, men også folkevalte som vil læra meir om emna.

Påmeldingsfristen er 20. mars. Lenker til program og påmelding finn du i høgremargen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.