Kva skjer med kulturen i kommunereforma?

Kan nye og større kommunar styrka kulturlivet? Kva rolle skal kulturlivet ha i prosessen rundt kommunereforma? Aslak Sira Myhre er ein av foredragshaldarane.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 04.03.2015

Fylkesmannen i Rogaland og Rogaland fylkeskommune i samarbeid med NOKU Rogaland arrangerer ein seminardag for å diskutera kulturen i kommunereforma.

Programmet er ikkje heilt klart ennå, men du kan melda deg på alt nå for å sikra deg ein plass.

Tid/stad: 29. april 09.30-15.30. Vågen vidaregåande skule, Sandnes.

Stadfesta foredragshaldarar

  • Aslak Sira Myhre, direktør for Nasjonalbiblioteket
  • Magnhild Meltveit Kleppa, fylkesmann i Rogaland
  • Janne Johnsen, fylkesordførar i Rogaland
  • Guri Mette Vestby, forskingssjef i NIBR
  • Erik Fossåskaret, førsteamanuensis ved Universitetet i Stavanger

Lenke til informasjon og påmelding finn du i høgremargen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.