H.K.H. Kronprinsen til Pøbelseminaret

For åttande gong arrangerer Pøbelprosjektet Pøbelseminar. Det skjer i Stavanger 2.-3. mars. I år skal H.K.H. Kronprinsen leia eit panel med ungdom frå alle prosjekta i Kronprinsparets Fond.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 23.02.2015

Målet med konferansen er å inspirera, engasjera og informera. Nytt av året er at det også blir arrangert ei messe for sosiale entreprenørar med over 20 utstillarar.

Støtte frå Kronprinsparets fond

Pøbelprosjektet har som mål å få unge, som av ulike årsaker står utanfor det etablerte skulesystemet og arbeidslivet, ut i jobb eller vidareutdanning. Kronprinsparets Fond støttar til ei kvar tid fire prosjekt, Pøbelprosjektet er eitt av desse. Det betyr økonomisk støtte, samtidig blir ein del av eit kompetansenettverk som deler utfordringar og erfaringar med kvarandre. Alle prosjekta har som ambisjon å gi unge nye arenaer å lukkast på. Under Pøbelseminaret 2015 deltar både Kronprinsparets Fond og dei tre andre prosjekta fondet samarbeider med.

Kronprinsen styrer panelet

H.K.H. Kronprins Haakon er til stades under dag to av Pøbelkonferansen 2015, altså tysdag 3. mars. Kronprinsen skal leia ein samtale med ungdom frå alle desse prosjekta. Korleis opplever dei å vera unge i dag, korleis er det å veksa opp i Norge? Kva mål og draumar har dei?

Men Kronprinsen er slett ikkje åleine på programmet. Arbeids- og sosialminister Robert Eriksson kjem, det gjer også Johan H. Andresen, Katinka Greve Leiner, Tore Christiansen, Kjartan Eide, Trivselslederne – og ikkje minst Per Fugelli. Og som vanleg skal det delast ut pris.

Pøbelprisen 2015

Ole Robert Reitan, Knut Storberget, Tore Christiansen, Karin Andersen, Kersti Grindalen og Ingve «Goggen» Gotchalsken er alle tidlegare vinnarar av Pøbelprisen. I år er desse nominerte til Årets Pøbel:

  • Ingeborg Lykseth, Lyk-z & døtre
  • Nicolay Ludvigsen, Pøbelprosjektet
  • Terje Vallestad, Cafe Sting/Pøbelscene
  • Kjartan Eide, Trivselslederne
  • Johan H Andresen, Ferd SE

Prisen blir delt ut under gallamiddagen opningsdagen.

Eit prosjekt i utvikling gjennom 18 år

Eddi Eidsvåg starta det heile i 1997 med kurs for einslege forsørgjarar. Seinare utvikla Eidsvåg Pøbelprosjektet i bakeriet sitt i Sandnes. Det me i dag kjenner som Pøbelprosjektet tok for alvor form i 2007. I vedtektene til Pøbelprosjektet heiter det at det ikkje kan takast ut utbytte til eigarane, og dersom selskapet skulle opphøyra, skal alle aktiva gå til ungdomsarbeidet til Røde Kors.

Akkreditering og informasjon

Presse som ønskjer å dekkja besøket, må akkreditera seg innan fredag 27. februar kl. 10.00. Ta kontakt med John Gunnar Skien, kommunikasjonssjef hos Fylkesmannen i Rogaland.

Spørsmål om besøket kan rettast til:

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Dokument