Grunnlovsseilasen 2014 kjem til Rogaland

Grunnlovsseilasen 2014 er ein ekspedisjon langs norskekysten med det historiske seglskipet Anna Rogde, for å markere grunnlovsjubileet. Måndag 1. juni kjem skipet fyrst til Haugesund, deretter Stavanger. Det blir eit flott program begge stader. I Haugesund ved Rica Maritim og i Stavanger ved Tollboden.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 28.05.2014

Seglinga starta i Finnmark 14. mai, med Hammerfest som utgangspunkt. Det vil bli nærmare 20 stopp langs kysten, med Oslo som siste hamn i sør, 6. juni. Deretter går ferda vidare over land og ein kjem til Eidsvoll  7. juni.

Prosjektet er initiert av Norsk Polarinstitutt, og er eit nordnorsk samarbeidsprosjekt. Alle dei tre nordlegaste fylka deltek i prosjektet.

I alle hamner vil Anna Rogde tilby eit variert kulturprogram, både om bord og på land. Det vil leggjast vekt på mangfald og ein brei profil, med alt frå små miniutstillingar til foredrag, kunst og kultur. Det vil vere fokus på grunnlov og demokrati, historie, kulturmangfald, havet som ressurs, miljø, klima, forsking, utfordringar og moglegheiter.

Då Noreg fekk si grunnlov i 1814 blei Nord-Noreg ståande på sidelinja på grunn av store avstandar og langsam postgang. Korkje val eller representantar blei tidleg nok varsla for å rekkje fram til Eidsvoll til 10. april.

Anna Rogde er den eldste siglande skonnerten i verda (1868) og er leigd for å sigle Grunnlovsseilasen. Skipet er i seg sjølv verd ei gjesting.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.