Markering for Tora Aasland 31. oktober

Tora Aasland sluttar som fylkesmann 31. oktober, etter meir enn 20 års virke i stillinga. Med det er ho ein av dei fylkesmennene som har vore lengst i eit slikt embete. Det blir offisiell markering av hendinga i Statens Hus på hennar siste arbeidsdag.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 28.10.2013

Ordførarar, rådmenn og andre representantar for det offisielle Rogaland er invitert til å takke av Tora Aasland, som har vore ein framståande og respektert fylkesmann i over 20 år. Meir enn 100 personar finn vegen til Statens Hus denne ettermiddagen for å delta i markeringa.

Allereie dagen etter, 1. november, er Magnhild Meltveit Kleppa på plass som ny fylkesmann i Rogaland. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.