Velkomen til ny nettstad

Som du ser, er nettsida vår nå forskjellig frå det du er van med. Før var det nyheitene som dominerte førstesida. Nå finn du i staden ni temaområde med mykje informasjon om dei mest brukte tenestene og oppgåvene våre.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 04.12.2012

I tillegg til de ni temaområda, vil du fortsatt finne nyheiter på framsida. Vi håpar at ein god abonnementsordning og god søkemotor fører til at du lett finn fram til det som interesserar deg. Den nye nettstaden er framtidsrette ved at vi etter kvart vil kunne bruke den til å tilby digitale tenester og invitere til dialog.

Ta deg en rundtur i nettstaden

Vi inviterer deg til å bli betre kjent med nettstaden vår. Du vil oppdage av mykje av innhaldet er som før, men flytta på. Du vil også oppdage at noko er nytt. Først og fremst vil du merke at informasjon om oppgåvene og tenestene er organisert på ein heilt annen måte. Du finn 71 kjernetekstar som handlar om dei mest vanlege av Fylkesmannen sine arbeidsoppgåver. Kjernetekstane er felles for alle fylkesmannsembeta, men vi har lagt til relevant lokal informasjon, slik som kontaktperson, lokale lenkjer og lokale saker der det har vært naturlig. Vi er ikkje i mål med dette ennå, men arbeidar kontinuerleg for å fylle ut sidene med lokalt og regionalt stoff.

Nyheiter også på www.fylkesmannen.no

Ei viktig endring er at fylkesmannsembeta nå har ein nasjonal portalside som inneheld meir enn peikarar til det enkelte embetet. Her vil vi nå kunne synleggjere at Fylkesmannen òg er ein viktig nasjonal samfunnsaktør. Denne fellesportalen opnar for å forenkle informasjonsstraumen og fellestenestene. Du vil finne tematekster, nyheiter av nasjonal interesse, stillingsannonsar, fakta om fylkesmennene og historikk.

Fleire endringar i framtida

Fylkesmannsembeta er ved ein milepæl ved lanseringa av den nye nettstaden. Men sida er ikkje ferdig. Den vil både bli endra og utvida i åra som kjem. Kravet til fornying vil fortsette. Regjeringa har vedteke at innan 2015 skal ein kunne finne søknader, skjema og rapporter i digitalt format frå mange statlege verksemder, og det kjem ikkje til å stoppe der. Med den nye nettstaden blir vi betre i stand til å møte den digitale framtida.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.