Kurs om teieplikt og dokumentinnsyn

Dato:
6. februar 2019 11:30 - 15:15
Stad:
Skatteetaten i Stavanger (Lagårdsveien 46)
Arrangør:
Fylkesmannen i Rogaland
Målgruppe:
Målgruppa for seminaret er tilsette hos Fylkesmannen og saksbehandlarar i kommunane – både juristar og ikkje juristar – som behandlar dokumenter med teiepliktige opplysningar og krav om dokumentinnsyn.

Fylkesmannen i Rogaland inviterer kommunar og tilsette hos Fylkesmannen til seminar den 6. februar 2019 om reglane for innsyn og teieplikt i forvaltningslova og offentleglova

Publisert 14.01.2019

Vurderingane knytt til teieplikt og offentleg innsyn i forvaltninga sine saksdokument er viktige og kan i mange tilfelle vere vanskelege.

Vi har vore så heldige å få professor Jan Fridthjof Bernt som hovudforedragshaldar på seminaret. Bernt er ein av Norges fremste ekspertar på området. Innleiingsvis vil representantar frå Stavanger kommune og Stavanger Aftenblad halde innlegg om utfordringane knytt til praktiseringa av regelverket.

På grunn av begrensa plass kan kvar kommune delta med inntil fem deltakarar. Kommunar som ønsker å delta med fleire medarbeidarar må derfor ta kontakt med Fylkesmannen. Seminaret er gratis og vert halde i det store auditoriet i Skatteetaten Stavanger (Lagårdsveien 46) frå kl.11.30 til ca. 15.15.

Det blir enkel servering i pausen.

Eventuelle spørsmål om seminaret kan rettes til: seniorrådgivar Erik Thomsen, tlf. 51568879, fmroeth@fylkesmannen.no

Dato:
6. februar 2019 11:30 - 15:15
Stad:
Skatteetaten i Stavanger (Lagårdsveien 46)
Arrangør:
Fylkesmannen i Rogaland
Målgruppe:
Målgruppa for seminaret er tilsette hos Fylkesmannen og saksbehandlarar i kommunane – både juristar og ikkje juristar – som behandlar dokumenter med teiepliktige opplysningar og krav om dokumentinnsyn.

Kontaktpersonar