Kurs i generell økonomisk rådgjeving – korleis gi rådgjeving på eit generelt nivå?

Dato:
27. mai 2019 10:00 - 28. mai 2019 15:15
Stad:
Clarion Hotel Energy
Arrangør:
Fylkesmannen i Rogaland
Målgruppe:
Kommunalt og statleg tilsette i Nav- kontora som har brukarkontakt. Nytilsette økonomiske rådgjevare.

Økonomisk rådgjeving er ei lovpålagd individuell teneste etter sosialtenestelova § 17. Tenesta er ei av kjerneoppgåvene i NAV-kontoret, og tilsette i NAV-kontora må difor ha grunnleggjande kunnskap om tenesta, for å kunne gi generell råd og rettleiing, og vidareformidle personar med større problem til ein spesialist innan økonomisk rådgjeving.

Publisert 01.04.2019

Mange kan ha økonomiske problem sjølv om dei ikkje gir uttrykk for det. Difor er det viktig å ha kunnskap om du avdekker slike problem. Målet er at alle som har gjennomført kurset skal kunne gi økonomisk rådgjeving på eit generelt nivå.

Kva skal du sitje att med etter kurset?

  • Kjennskap til når brukar kan få tenesta økonomisk rådgjeving.
  • Auka kjennskap om rolla som økonomisk rådgjevar.
  • Kunnskap om dei ulike nivåa for rådgjevinga.
  • Kunnskap om korleis hjelpe brukar med personleg økonomi.
  • Kjennskap til heilskapleg løysing av brukar sin gjeldssituasjon.
  • Hjelpe med førespurnader til Namsmannen om utleggstrekk og utleggspant.
  • Kjennskap til pengekrav, misleghald og forelding.

Forelesarar på kurset er Daniel Bergamelli, Fylkesmannen i Trøndelag og Inger-Helene Søgnen, Fylkesmannen i Vestland.

Kurset er gratis, men forfall som ikkje er meldt vert belasta med kr 700,- per kursdag.

Dei med lang reiseveg kan få dekkja overnatting. Ta kontakt med Frøydis Hogstad for bestilling av rom.

Dato:
27. mai 2019 10:00 - 28. mai 2019 15:15
Stad:
Clarion Hotel Energy
Arrangør:
Fylkesmannen i Rogaland
Målgruppe:
Kommunalt og statleg tilsette i Nav- kontora som har brukarkontakt. Nytilsette økonomiske rådgjevare.

Kontaktpersonar

Dokument