Fagdag om fagfornyinga

Dato:
19. november 2019 10:00 - 15:00
Stad:
Stavanger Forum
Arrangør:
Fylkesmannen i Rogaland
Målgruppe:
Grunnskolar, skoleleiarar, PPT og tilsette ved UiS og HVL med oppgåver knytt til desentralisert ordning for kompetanseutvikling

Samarbeidsforum for desentralisert kompetanseutvikling inviterer alle skolane til fagdag den 19. november 2019 i Stavanger Forum.

 

Publisert 21.10.2019

Mål for fagdagen

Mål for fagdagen er å bidra til meir kunnskap, entusiasme og motivasjon til arbeidet med fagfornyinga.

Fagdagen er for

  • Grunnskolane i Rogaland (Inntil 4 frå kvar skole. Rektor, tillitsvald og elevrepresentant må vere representerte på fagdagen)
  • Skolesjef m stab (Inntil 3 deltakarar frå kvar kommune)
  • PPT (Inntil 2 deltakarar pr verksemd)
  • UIS og HVL (Tilsette med oppgåver knytt til desentralisert ordning for kompetanseutvikling)

Praktiske opplysningar

Tid: Tysdag 19.november 2019 Kl 10.00 -15.00

Stad: Stavanger Forum, Gunnar Warebergsgt. 13, 4021 STAVANGER

Pris: Fagdagen er gratis

Program

Konferansier er John Gunnar Skien

Om forelesarane

Ida Large, Utdanningsdirektoratet, Avdeling for rammeplan i barnehage og læreplan i skole. Hun er sentral i arbeidet med fagfornyinga og vurderingsforskrifta.

Beate Tislevoll, Utdanningsdirektoratet, Avdeling for barnehage og skoleutvikling. Hun arbeider med skoleutvikling og fagfornyinga.

Jo Røislien, professor ved Universitetet i Stavanger, foredragshaldar, forfattar og programleiar.

Før fagdagen

Deltakarane frå kvar skole bør setje seg saman for å diskutere arbeidet med fagfornyinga på eigen skole. Kor langt er vi komne, kva manglar vi og korleis engasjere elevane i arbeidet?

Les meir om fagfornyinga på nettstaden til Utdanningsdirektoratet

Påmelding

Samla påmelding frå kvar skole/verksemd på skjema nedanfor innan 31. oktober 

Ein treng ikkje oppgi navn på deltakarane, men merk av kva rolle dei har.

Avbod må meldast til margot.bergesen@fylkesmannen.no 

 

Dato:
19. november 2019 10:00 - 15:00
Stad:
Stavanger Forum
Arrangør:
Fylkesmannen i Rogaland
Målgruppe:
Grunnskolar, skoleleiarar, PPT og tilsette ved UiS og HVL med oppgåver knytt til desentralisert ordning for kompetanseutvikling

Samarbeidsforum

Samarbeidsforum for desentralisert kompetanseutvikling i Rogaland består av representantar frå

  • Utdanningsregionane NORD, MIDT og SØR 
  • Fylkeskommunen
  • Friskolane
  • Universitetet i Stavanger
  • Høgskolen på Vestlandet
  • Utdanningsforbundet
  • Elevorganisasjonen
  • KS
  • Fylkesmannen