Verjerekneskap 2022

Var du verje med eit økonomisk mandat i 2022? Då må du hugse å sende oss fullstendig verjerekneskap for 2022 innan 30. april.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 11.04.2023

Verjerekneskap for 2022 skal innehalde ferdig utfylt «fullstendigheitserklæring» og kontoutskrifter frå alle verjehavars konti. Om det berre var verjehavar sjølv som disponerte kontoane, må ei stadfesting frå banken ligge ved.

Les meir informasjon og viktig opplysningar om innsending av verjerekeskap på nettsidene våre, og du kan lese om vergeregnskap på vergemålsportalen (vergemal.no).

Innsending av verjerekneskap skal gjerast via Altinn.